Wikimedia Norge/Vedtekter (nynorsk)

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki

Jump to: navigation, search

VEDTEKTER FOR WIKIMEDIA NORGE

Vedtatt av stiftingsmøtet 23.06.2007.
Oppdatert av årsmøtet 21.06.2008.

Contents

[edit] § 1 Innleiing

a) Namnet til organisasjonen er Wikimedia Norge, med Wikimedia Noreg og Wikimedia Norga som jamstilte former.

b) Wikimedia Noreg er ein medlemsorganisasjon.

c) Norsk bokmål, nynorsk og nordsamisk er likestilte i organisasjonen. Vedtektene skal finnast på fire – 4 – likelydande språk, språkformer: norsk bokmål, nynorsk, nordsamisk og engelsk. Vedtektane blir omsette frå norsk bokmål-versjonen, som dermed er å rekna som originalen.

[edit] § 2 Formål

a) Formålet til Wikimedia Noreg er å styrka Wikimedia-prosjekt, spesielt dei på norsk og samisk, ved å:

  1. samla inn økonomiske middel gjennom gåver og støtteordningar, og å fordela desse midla.
  2. delta i koordinering av samarbeidet mellom prosjekta, og å samarbeida med andre partar der dette kan tena prosjekta til Wikimedia.
  3. styrka samarbeidet med prosjekta til Wikimedia i andre nordiske land.
  4. marknadsføra prosjekta til Wikimedia.
  5. vera ein høyringspart overfor styresmakter og organisasjonar i forhold til opphavsrettslege spørsmål.

[edit] § 3 Medlemskap

a) Einkvar som støttar formåla til foreininga kan bli medlem.

b) Årsmøtet fastset ein årleg kontingent.

c) Styret kan suspendera medlemmer som måtte vera til skade for virksomheita eller omdømet til Wikimedia Noreg. Eventuell eksklusjon blir avgjort av årsmøtet og anke på avgjerd må rettast til årsmøtet. Suspenderte og ekskluderte medlemmer har ikkje stemmerett, då dei ikkje lenger blir rekna som medlemmer. Dei kan heller ikkje inneha verv for Wikimedia Noreg.

[edit] § 4 Årsmøtet

a) Ordinært årsmøte i Wikimedia Noreg blir halde årleg innan utgangen av april. Styret avgjer tid og møteform og eventuelt stad.

b) Årsmøtet skal minimum behandla fylgjande saker:

  1. Årsmelding og reknskap revidert av revisor
  2. Budsjett og kontingent
  3. Innkomne saker
  4. Valg som skildra i § 6.

c) Årsmøtet skal annonserast på nettsidene til foreininga minst to – 2 – månader i førevegen. Innkomne saker må vera hjå styret minst to – 2 – veker før årsmøtet. Seinast éin – 1 – veke før møtet skal alle saksdokument vera offentleg tilgjengelege.

d) Valkomiteen (jf. § 7) er ansvarleg for gjennomføringa av valet.

e) Alle som har betalt kontingent og har vore medlem i minst tre månader har stemmerett.

f) Alle medlemmer med stemmerett har rett til å leggja fram saker for årsmøtet. Forslaget må ha støtte frå fem – 5 – medlemmer med stemmerett før det kan behandlast.

g) Dersom minst tjue – 20 – medlemmer eller styret krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte etter samme reglar som ordinært årsmøte. Det ekstraordinære årsmøtet kan berre behandle saker nemnd i innkallinga.

[edit] § 5 Styret

a) Styret til Wikimedia Noreg består av mellom fem – 5 – og ni – 9 – medlemmer etter avgjerd på årsmøtet. I tillegg vel ein inntil tre – 3 – varamedlemmer til styret, også etter avgjerd på årsmøtet.

b) Styret består av leiar, nestleiar, kasserar, sekretær og eitt–fem styremedlemmer. Leiar og nestleiar blir vald av årsmøtet. Utover dette konstituerer styret seg sjølv.

c) Styret har ansvar for den daglege drifta av Wikimedia Noreg, under dette eventuelt arbeidsgjevaransvar.

d) Styret er ansvarleg for økonomien til organisasjonen. Revidert reknskap skal leggjast fram for årsmøtet. Styret fordeler anvisings- og disposisjonsrett.

e) Styret avheld møter minst tre gonger årleg. Styret skal også halda jamnleg kontakt gjennom e-post, IRC eller andre kommunikasjonsmiddel.

f) Vedtak blir fatta med alminneleg fleirtall. Styret er vedtaksdyktig når minst halvparten av medlemmene med stemmerett er tilstades. Ved stemmelikheit i styret har leiar dobbeltstemme.

[edit] § 6 Val

a) Årsmøtet vel styre etter § 5a og valkomité etter § 7b.

b) Kandidatar bør vera kjent to – 2 – veker før ordinært val finn stad.

[edit] § 7 Valkomite

a) Valkomiteens oppgåve er å organisera og overvaka alle val av betydning i Wikimedia Noreg.

b) Komiteen er sett saman av minst tre av medlemmene til foreininga. Retningsliner for Val- og kontrollkomiteens arbeid blir fastsette av årsmøtet.

c) Valkomiteen fungerer òg som kontrollkomité, og skal i denne funksjonen kontrollera rekneskap og arbeidet til styret opp mot vedtektene til organisasjonen.

[edit] § 8 Vedtektsendringar

a) Medlemmer kan føreslå vedtektsendringar på Wikimedia Noreg sine sider. Eit forslag som oppnår støtte frå minst ti – 10 – andre medlemmer kan leggjast fram for avstemming etter reglane for innkomne forslag til årsmøtet. Styret kan føreslå vedtektsendringar.

b) Ei vedtektsendring krev støtte frå minst 2/3 av dei avgitte stemmene.

[edit] § 9 Oppløysing

a) Dersom medlemma i avstemming bestemmer seg for å oppløysa foreininga skal eventuelle overskytende middel overførast til Wikimedia Foundation. Slik avstemming skal kunngjerast med to månaders varsel og krev støtte frå 3/4 av dei avgitte stemmene.

b) For å avklara eventuelle krav mot foreininga skal overføring av middel skje tidligast seks – 6 – månader etter vedtak om oppløysing, dersom alle krav er oppgjort. Dersom det er krav mot foreininga skjer overføring av eventuelle middel tidligast seks – 6 – månader etter uteståande krav er oppgjort.