Jump to content

Fundraising 2011/Jimmy Letter 001/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Translation instructions
  • For pages marked "Missing" or "In progress", click the page title and start translating. When you are done, click "edit status" and change the status to proofreading.
  • For pages marked "Needs updating", compare the page to the source page and update the translation accordingly. When you are done, click "edit status" and change the status to proofreading.
  • It is important to have someone else proofread the translated page! If you have proofread a page and it is ready for publication, click "edit status" and change that page's status to ready.
  • If you are changing something that has already been published, change its status back to ready for it to be published again.

If you have any questions or feedback regarding the translation process, please post them here. Translation FAQ

Eg er ein friviljug.

Eg vert ikkje gjeven eit øre for arbeidet mitt på Wikipedia, og det vert heller ikkje dei tusenvis av andre friviljuge bidragsytarane våre. Då eg grunnla Wikipedia, kunne eg ha gjort det om til eit vinningssøkjande selskap med reklamefaner, men eg valde å gjera noko anna.

Pengar er fint. Reklame er ikkje vondskap. Men det høyrer ikkje heime her. Ikkje på Wikipedia.

Wikipedia er noko særskilt. Det er som eit bibilotek eller ein offentleg park. Det er som eit tempel for hugen. Det er ein stad der alle kan gå og tenkja, læra, dela kunnskapen vår med andre. Det er eit eineståande menneskeleg prosjekt, det fyrste av sitt slag i verdssoga. Det er eit humanitært prosjekt for å føra fram det frie oppslagsverket til kvart einaste menneske på jorda.

Kvart einaste menneske.

Om alle dei 400 millionane av bidragsytarar på Wikipedia ville donera 5 dollar kvar, ville me ha 100 gonger pengane som me tarv. Me er ein liten organisasjon, og eg har jobba hardt gjennom åra for å halda oss slanke og effektive. Me greidde oppgåva, og gjev til andre det som er til overs.

For å gjera detta utan å nytta reklame, treng me deg. Det er du som held draumen i live. Det er du som har laga Wikipedia. Det er du som meiner at det er verdt å ha ein roleg stad for ettertanke og læring.

I år, tenk gjerne på å utføra ein donasjon på 5 dollar, 20 dollar, 50 dollar eller kva du kan gjera for å verna og halda Wikipedia ved like.

Takk,

Jimmy Wales

grunnleggjaren av Wikipedia