Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 44, 2007

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Tradisjonelt dekorert hus med dører frå Pyrgi på Khios.

Khios er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg om lag 7 km frå kysten av Tyrkia. Khios har i 2007 litt over 50 000 innbyggjarar. Mange khiotarar har flytta til storbyar på det greske fastlandet. Øya er kjend for sine mellomalderlandsbyar, den vakre naturen og det gode klimaet. Hovudeksportvaren frå øya er mastik, men det vert óg produsert oliven, fiken og vin. Internasjonalt er øya kanskje mest kjend for dei store og dyktige skipsfartsselskapa.

Nord for Khios by ligg ein stor forstad kalla Vrondathos, som vert hevda å vere fødestaden til Homer. Klosteret Nea Moni frå 1000-talet ligg på Khios og står på UNESCO si verdsarvliste.

Mellom 1556 og 1912 var Khios styrt frå det osmanske riket. Under den greske sjølvstendekrigen oppstod det eit opprør blant øybuarane i 1822. Som hemn gav den osmanske sultanen ordre om å massakrere alle innbyggjarane. Les meir…