Translation requests/WMF/Fundraising pages/Innsamling

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to navigation Jump to search

(ang) (ar) (ast) (bg) (br) (ca) (cs) (de) (en) (el) (eo) (es) (et) (eu) (fr) (gl) (hu) (ia) (id) (it) (ja) (ko) (nl) (nn) (pl) (pt) (ro) (ru) (sl) (sr) (su) (sv) (th) (tr) (vi) (zh) (ur) (wa) edit


Tenk deg ei verd der kvar einaste person har fri tilgang
til all menneskeleg kunnskap. Dette arbeider me for.

Og me treng hjelp frå dykk.

 

Wikimedia Foundation Inc. er ein ideell organisasjon som har som mål å gje kvar einaste person i verda tilgang til fri kunnskap. For å nå dette målet legg stiftinga til rette for utvikling, vedlikehald og distribusjon av fritt innhald gjennom dei wikibaserte prosjekta sine. Wikimedia er avhengig av pengegåver for å halda desse prosjekta gåande.

Wikimedia styrer data- og nettverksressursane som trengst for å laga og distribuera mange oppslagsverk, inkludert Wikipedia, Wiktionary, Wikiquote, Wikibooks, Wikinews, Wikisource og Wikimedia Commons. Innhaldet i desse prosjekta er fritt tilgjengeleg for ålmenta.

Korleis vil gåver hjelpa

Alle sidene våre er reklamefrie. Besøkande treng ikkje betala for å redigera, lesa eller bruka innhaldet vårt. Me er fullstendig avhengige av gåver for å finansiera prosjekta våre. Den utruleg høge besøks- og innhaldsveksten gjer at me treng regelmessig oppgradering av tenarparken vår. Me har også utgifter til mellom anna bandbreidd, leige av tenarplass, domenenamn — og somme gonger reisekostnader. Sjå budsjettsida for siste budsjett med meir informasjon om pengebruk og maskinvarebestillingssida for detaljar om maskinvaren som vart kjøpt etter siste pengeinnsamling.

Utover dette treng Wikimedia støtte for å halda fram den leiande rolla si i utforsking av samarbeidsformer for innhaldsutvikling. Me søker også støtte for å gjera innhaldet tilgjengeleg gjennom andre medium til stader som ikkje har lett tilgang til Internett. Kvar einaste gåve kjem godt med. Dersom du har spørsmål om gåver eller Wikimedia Foundation, så ta gjerne kontakt.

gje gåve over Internett - gje gåve med bankoverføring

Gje ei gåve

Over Internett

Du kan gje gåva di med PayPal eller MoneyBookers ved hjelp av skjema som det er lenkjer til under. Kontonamnet vårt for båe to er donation@wikipedia.org. Med PayPal kan du settja opp eingongs-, månadleg eller årleg innbetaling. Du kan også overføra pengar direkte til vår belgiske bankkonto.

Du treng ikkje vera PayPal-medlem for å gjera eingongsinnbetaling med PayPal.

Gje U.S. Dollar:
eingong - månadleg - årleg
<html>

<a href="http://www.moneybookers.com/app/?rid=312838/" target="_blank"><img style="border-width: 1px; border-color: #8B8583;" src="http://www.moneybookers.com/images/banners/88_en_intl.gif" width="88" height="31" border="0" alt="MoneyBookers" /></a>

</html>

Avgiftene hos MoneyBookers er som oftast lågare enn hos PayPal.

Bankoverføring

Wikimedia Foundation har òg ein bankkonto hos Dexia i Belgia som ein kan overføre pengar til direkte:

Kontonr. (IBAN): BE43-0689-9999-9501
SWIFT/BIC: GKCCBEBB
Adresse:
Wikimedia Foundation Inc.
204 37th Ave N, #330
St. Petersburg, FL 33704
USA
Bankadresse:
Dexia bank, Pachecolaan 44, 1000 Bruxelles, Belgia

Wikimedia Tyskland har òg ein konto som kan brukast.


Merk: Verken denne sida eller lenkjer hit er meint som krav om betaling. Lisensen vår garanterer at du kan - og fortsatt vil kunna - lesa og bruka det frie innhaldet vårt, sjølv om du ikkje har gjeve eller ikkje kan gje ei gåve.