Translation requests/WMF/Our projects/Nn:

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to navigation Jump to search

Alle dei større prosjekta til Wikimedia Foundation er utvikla saman med brukarane, og dei brukar MediaWiki-programvaren. Innhaldet er fritt under GNU Free Documentation License, som tyder at det kan brukast, endrast, kopierast og redistribuerast fritt etter restriksjonane til lisensen. Sjå òg lenkja til alle prosjekta.

Wikipedia[edit]

Wikipedia-logo-nn.png

Wikipedia er eit prosjekt for å lage frie oppslagsverk på alle språk i verda. Alle kan delta på prosjektet.

Det byrja på engelsk i januar 2001, og har i dag over 3 300 000 artiklar på over 150 språk. Den største Wikipediaen er den engelske, med over 1 500 000 artikla. Etter den kjem den tyske og den franske utgåva, med over 300 000 artiklar kvar. 100 andre språk har minst 1 000 artiklar kvar. Nye språkversjonar vert søkt om og starta kvar månad.

Sidan the starten på prosjektet har over 100 000 registrerte brukarar gjort minst ti endringar kvar. Det er ukjent kor mange brukarar som har registert seg på fleire prosjekt. Det totale talet på kontoar som er oppretta på Engelsk Wikipedia åleine, er meir enn 1 750 000.

Nokre Wikipediaen gjev ut eller planlegg å gje ut regelmessige utgåver i andre medium. Wikipedia på tysk ver utgjeven på DVD to gonger i året, i samarbeid med Directmedia Publishing.

Wikipedia er òg kjent for brukarsamfunna sine. I 2004 vann Wikipedia Webby-prisen for «samfunn» og Prix Ars Electronica's Golden Nica for «digitale samfunn».


Wiktionary[edit]

Wiktionary.png

Wiktionary er eit prosjekt for å lage frie ordbøker og synonymordbøker på alle språk. Prosjektet starta i desember 2002, og er no tilgjengeleg på over 150 språk med over 1 500 000 oppslagsord i alt. Den største Wiktionaryen er den engelske, etterfylgd av den franske, vietnamesiske og russiske. Alle fire har over 100 000 oppslagsord kvar. 40 andre språk har minst 1 000 oppskalgsord kvar.

Nyleg byrja Wiktionary å samarbeide med Wikimedia Commons. Mange lydfiler har vorte lasta opp til Commons, for å tilby Wiktionary og andre prosjekt døme på uttale.


Wikiquote[edit]

Wikiquote-logo-en.png

Wikiquote er ei samling med sitat frå kjende personar, bøker, talar, filmar eller anna intellektuelt interessant materiale. Ordtak og slagord er òg med på Wikiquote.

Prosjektet starta i juli 2003, og i juni 2006, dar det over 45 000 sider på over 30 språk. Den største Wikiquoten er den engelske med over 7 500 sider. Den tyske, polske, italienske og russiske har kvar over 3000 artiklar.


Wikibooks[edit]

Wikibooks-logo.png

Wikibooks tek sikte på å byggje opp ei samling med tekstbøker, språkkurs, brukarrettleiingar og andre frie bøker. Prosjektet skal hjelpe med (sjølv-)instruering til studentar, og lærarar på vidaregåande skular og universitet. Det starta i juli 2003 og har over 22 000 modular frå 1 000 bøker på 45 språk.


Wikisource[edit]

Wikisource-newberg-de.png

Wikisource er eit fleirspråkleg prosjekt som starta i november 2003 for å byggje opp ei samling tekstar som kan distribuerast som frie. Den er knytt til dei andre Wikimedia-prosjekta som eit nyttig arkiv med klassikarar, lover og andre frie tekstar. I byrjinga var alle tekstane på alle språk (unnateke hebraisk) på ei side, men i dag har Wikisource fleire ulike språkversjonar.



Wikispecies[edit]

Wikispecies-logo-en.png

Wikispecies et eit ope, wikibasert prosjejt for å tilby ein sentral taksonomisk artskatalog. Wikispecies er spesielt mynta på vitskapsmenn, og hadde i desember 2006 over 80 000 artiklar.


Wikimedia Commons[edit]

Commons-logo.svg

Wikimedia Commons opna i september 2004, og tilbyr eit sentralt lager for fri video, bilete, musikk, innsnakka tekstar, og andre frie media som enkelt kan brukast på alle Wikimedia-prosjekta. Prosjektet hadde over 1 000 000 multimediafiler i desember 2006.


Wikinews[edit]

Wikinews logo

Wikinews-prosjektet er endå på «beta»-stadiumet. Det vart starta i desember 2004 med mål å melde om nyhende om mange ulike emne. I desember 2006 var det 22 aktive språkversjonar av Wikinews, og desse inneheld meir enn 6 000 nyhendeartiklar.

Bidragsytarar frå heile verda skriv nyhende i lag. Nyhenda er både fyrstehandsnyhende og oppsummering av nyhende frå andre kjelder. Alle skal vere skrivne frå eit nøytralt synspunkt.

Akkurat no har Wikinews to mål: Å tilby eit fritt alternativ til kommersielle nyhendekjelder og å sørge for at faktaa i artiklane er sjekka og at innhaldet i artiklane er godt.


Wikiversity[edit]

Wikiversity-logo-en.svg

Wikiversity er eit prosjekt som er dedikert til læringsmateriale og læringssamfunn - på alle nivå. Det vart sett up som eit Wikimedia-prosjekt (i «beta»-fasen) 15. august 2006, og skal evaluerast etter seks månader. Arbeidet pågår no for å finne ut kva ein vidare vil gjere med prosjektet. Ein endeleg farge for logoen er i ferd med med å verte klart - i tillegg til mottoet og slagordet til prosjektet.


Relaterte prosjekt[edit]

MediaWiki[edit]

MediaWiki Logo

MediaWiki er ein wiki-programvare som er lisensiert under GPL. MediaWiki-programvaren er brukt av alle Wikimedia-prosjekta og mange andre sider.

I 2005 vann MediaWiki les Trophées du Libre-prisen i kategorien spesiell php.

Sjå MediaWiki, artikkelen på Nynorsk Wikipedia, eller vevsida for meir informasjon.


Meta[edit]

Wikimedia-logo-meta.png

«Meta» er ein sentral wiki til koordinasjon og utvikling av alle Wikimedia-prosjekta. Meta-sida inneheld hjelp til MediaWiki, i tillegg til søknader om å få starte nye prosjekt, diskusjonar om prosjekt, retningsliner, utvikling og administrasjon av alle of wikiane som er drivne av Wikimedia.