Wikimedia Foundation elections/Board elections/2007/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to navigation Jump to search
styrevalget 2007
Organisering



Hei, alle saman.

Valprosessen for styret i Wikimedia Foundation byrjar 10. juni 2007. Bidragsytarar på alle Wikimedia-prosjekt vil kunne delta i valet av tre styremedlemmer som skal representere bidragsytarar til Wikimedia frå heile verda. Dei tre valde kandidatane vil verte valde til styret i ein periode på to år, som utgår i juni 2009. Medlemmene av styret er dei som fattar endelege vedtak for Wikimedia Foundation.

Valet vil bruke «approval voting», det vil seie at ein vel å støtte eller ikkje støtte kvar kandidat; ein kan stemme på så mange eller så få kandidatar ein vil. Før stemmegjevinga vil det vere ein godkjenningsfase, der kvar kandidat må ha eit visst tal personar som går god for kandidaturet deira for å kunne stille som kandidatar i sjølve valet. Kandidatane med flest stemmer vil verte erklærte som vinnarane av valet. Dersom det vert uavgjort mellom to eller fleire kandidatar vil ei ekstrarunde verte gjennomført.

Det vil vere hemmeleg stemmegjeving; kva personar som støtta kva kandidatar vil ikkje vere tilgjengeleg, men ei liste over kven som har stemt vil vere tilgjengeleg for alle. Oppteljinga av stemmene vil verte gjort av ein uavhengig organisasjon.

Kandidatar[edit]

Interesserte kandidatar må fylle inn eit skjema på Meta mellom kl. 00.00 10. juni 2007 (UTC) og kl. 23.59 23. juni 2007 (UTC). Seinare søknader vil ikkje verte godtekne. For å verte godkjend som kandidat må du møte desse krava:

  1. Du må ha vore bidragsytar på eit av Wikimedia-prosjekta i minst eitt år før 1. juni 2007, per fyrste redigering med oppgjeve brukarnamn, og må ha gjennomført minst 400  endringar med same konto på same prosjekt før 1. juni 2007.
  2. Du må stå fram med verkeleg namn og vere minst 18 år gamal. (Identitetane til styremedlemmene må vere offentlege, så det er ikkje mogleg å vere styremedlem anonymt eller under eit psevdonym.)
  3. Du må få eit visst tal personar til å gå god for kandidaturet ditt. Personar som ynskjer å gå god for deg må gjere det på denne sida i perioden for kandidatgodkjenning.

Kandidatane vil ha to veker til å presentere seg sjølv for resten av bidragsytarane til Wikimedia. Omsetjingskoordinatorar vil omsetje presentasjonane til dei respektive språka sine før valet byrjar. Kandidatane vert tilrådde å levere presentasjonen sin så fort som mogleg, for å få så mange omsetjingar som mogleg.

Veljarar[edit]

For å kunne stemme i valet, og gå god for kandidatar, må ein ha vore registrert bidragsytar på eit Wikimedia-prosjekt i minst tre månader før 1. juni 2007 (ein må altså ha gjort den fyrste endringa si før 1. mars 2007), og ha gjort minst 400 endringar med same konto før 1. juni 2007.

Veljarane kan gå god for opptil tre kandidatar. Personar som sjølv stiller som kandidatar kan gå god for to andre kandidatar enn seg sjølv. Vidare informasjon om denne prosessen finn ein på godkjenningssida.

Brukarane kan av tekniske grunnar ikkje kombinere endringstal frå ulike prosjekt for å nå grensa på 400 endringar; ein må ha 400 endringar på eitt og same prosjekt. Sjølv om ein oppfyller krava for veljarar på fleire prosjekt, kan ein berre stemme med éin konto.

Tidsline[edit]

Innlevering av kandidatur:

  • frå søndag 10. juni 2007, kl. 00.00 (UTC)
  • til laurdag 23. juni 2007, kl. 23.59 (UTC)

Godkjenning av kandidatane:

  • frå søndag 17. juni 2007, kl. 00.00 (UTC)
  • til laurdag 23. juni 2007, kl. 23.59 (UTC)

Stemmegjeving:

  • frå torsdag 28. juni 2007, kl. 00.00 (UTC)
  • til torsdag 7. juli 2007, kl. 23.59 (UTC)

Omsetjarar[edit]

Om du forstår engelsk godt vil di hjelp med å omsetje denne notisen til andre språk vere uvurderleg. Når du har omsett den, informer oss om det på Board elections/2007/Translations#Wikimedia projects.

Om du vil hjelpe til med å omsetje andre sider relatert til valet, skriv deg opp på Board elections/2007/Translations#Coordinators by languages.

Spørsmål bør skrivast på diskusjonssidene til sidene, eller stillast til medlemmer av valkomiteen (sjå nedanfor).

Til slutt vil vi gjerne ynskje alle kandidatane lukke til i valet.


Med venleg helsing,

Kizu Naoko
Philippe
Newyorkbrad
Jon Harald Søby