Wikimedia Norge/Newsletter/2017-12

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to navigation Jump to search
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2017-12 and the translation is 100% complete.
Other languages:
English • ‎norsk bokmål • ‎norsk nynorsk


Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her er det siste nyhendebrevet frå oss i år. Vi ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt år! 🎅

Wikitreff 16. januar
Tysdag 16. januar 2018 kl. 1700 vert det wikitreff i Amalie Skram-salen på Litteraturhuset i Oslo. Innleiar vil vere Thomas Hylland Eriksen, som skildrar tema for møtet slik:
«Wikipedia kan brukes som eksempel på mye, også menneskets enestående trang til kunnskap og innsikt. Imidlertid er det skjær i sjøen, blant annet monopolisering, relevans, fagidioti og kunnskapsfiendtlighet. I en slik verden er en institusjon som Wikipedia viktigere enn noensinne.»
Meld deg gjerne på på denne sida! Møtet er gratis og ope for alle. Wikimedia Noreg kan dekkja reiseutgifter for dei som treng det (ta kontakt med astrid@wikimedia.no).
Wikistipend
15. februar er søknadsfristen for wikistipend. Me håpar på mange spanande søknadar!
Årsmøte
Årsmøtet til Wikimedia Noreg vert på Samisk hus i Oslo 3. mars 2018, kl. 11. Me planlegg både wikitreff, dronesafari og Wikidata-workshop den same helga, så hald av datoane 2.–4. mars. Me kan dekkja reiseutgifter for medlemmer i Wikimedia Noreg. Me kjem tilbake med meir info i neste nyhendebrev.
Nordsamisk Wikipedia
I haust har Wikimedia Noreg starta eit prosjekt for å betre Wikipedia på nordsamisk. I løpet av hausten har me omsett nettsida vår til nordsamisk, heldt ei undersøking blant noverande og tidlegare bidragsytarar til wikien, planlagt samarbeid med diverse institusjonar og deltaking på Márkomeannu og Riddu Riđđu. Dette arbeidet held me fram med i 2018, og dei som er interesserte kan melda seg på for oppdateringar om prosjektet her.
Dette prosjektet er òg det fyrste der me nyttar Phabricator til prosjektstyring. Du kan fylgje prosjektet her.
Retriever og Bokhylla.no
Tilgang til Retriever vart fordelt på nytt 20. november 2017, og ei ny fordeling skjer 20. mai 2018. Me minner òg om at me hjelper til med å søke om tilgang til bokhylla.no for wikipedianarar med utanlandsk IP-adresse. Meir informasjon om tilgang finst på denne sida.
Wiki Loves Earth
Dei internasjonale vinnarane av Wiki Loves Earth vart kåra 11. desember! Me gratulerer med ein norsk deltakar på 5. plass.

Ynskjer du å melda deg inn i Wikimedia Noreg og stø arbeidet vårt så kan du gjera det her, eller du kan stø oss ved å vippsa til 10386 – Wikimedia Norge.

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement