Wikimedia Norge/Newsletter/2018-02/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2018-02 and the translation is 100% complete.


Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her kjem informasjon om kva som skjer i regi av Wikimedia Noreg dei nærmaste månadane.

Betaling av medlemsavgift
Medlemsavgifta for medlemskapet ditt i Wikimedia Noreg for 2018 kan du vippse til 10386 – Wikimedia Norge, eller betale til kontonummer 1503 08 00866. Medlemsavgifta er på kr. 200, eller kr. 100 for studentar og dei som mottek trygdeytingar.
Takk til de som allereie har betalt medlemsavgifta for 2018 og stør arbeidet vårt!
Er du framleis ikkje medlem? Meld deg inn på wikimedia.no!
Wikistipend
15. februar er søknadsfristen for wikistipend. Me håper på mange spanande søknadar!
Wikitreff 2. mars
Fredag 2. mars frå kl. 18–21 blir det wikitreff på Samisk hus i Oslo. Det blir wikiwars, styret i Wikimedia Noreg deler ut prisen for Årets wikipedianar, og det blir servering. Alle er hjartelig velkomne! Meld deg gjerne på, så vi veit kor mange vi skal bestille mat for. Påmelding her.
Årsmøte 3. mars
Årsmøtet til Wikimedia Noreg blir heldt på Samisk hus i Oslo 3. mars 2018 kl. 11. Alle kan delta, men berre medlemmer har røysterett. Møtet blir òg strømma på Wikimedia Noreg sin YouTube-kanal.
Agendaen for årsmøtet er publisert her, og forslag til styret kan du sende inn fram til 15. februar til denne adressa: wikimedia-no-styre@lists.wikimedia.org. Påmelding her.
Dronesafari 3. mars
Har du lyst til å lære korleis ein brukar ei drone? Bli med på dronesafari og lær å bruke dronen Wikimedia Noreg har! Oppmøte på Samisk hus kl. 14.00. Påmelding her.
Wikidata-workshop 4. mars
Søndag 4. mars frå kl. 12–16 arrangerer vi ein Wikidata-workshop på Samisk hus i Oslo. Dette blir ein workshop for wikipedianarar om mange av dei tilgjengelege Wikidata-verktøya, korleis ein kan bruke dei til å redigere Wikidata og korleis ein kan bruke dei i samband med Wikipedia. Påmelding her.
Wikimedia Noreg har fått støtte frå Kulturrådet
Wikimedia Noreg har fått 100 000 i støtte for å gjere ei biletsamling etter Bodil Biørn tilgjengeleg på Wikimedia Commons. Bodil Catharina Biørn (1871–1960) var ein norsk misjonær, sjukepleiar og jordmor som misjonerte i austlege Tyrkia (Det osmanske riket). Biørn var vitne til det som i ettertida har blitt kalt det fyrste folkemordet i det 20. århundret, folkemordet i Armenia. Det dokumenterte ho ved å ta bilete og skrive detaljerte biletskildringar. I mai inviterer Wikimedia Noreg og Riksarkivet alle wikipedianarar til dugnad for å arbeide med bilettekstane. Du kan lese meir om tildelinga her..

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhetsbrevet blir posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement