Wikimedia Norge/Newsletter/2020-01/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2020-01 and the translation is 100% complete.


Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet vårt for januar.

Wikitreff
Våren 2020 testar vi ut månadlege wikitreff på Kulturhuset i Oslo for alle wikifolk. Ikkje noko fastsett opplegg; kom og ta med det du jobbar med, få hjelp eller berre ta ein prat. Jon Harald sitt der frå kl. 17–19.
Årsmøte 14. mars 2020
Wikimedia Noreg sitt årsmøte vert halde 14. mars kl. 12 på Interkulturelt museum, Tøyenbekken 5, 0188 Oslo. Årsmøtedokument vert publiserte i forkant av møtet på denne sida… Etter at årsmøte er halde inviterer vi alle til lunsj og ei omvising i utstillinga Typisk dem.
Betaling av medlemsavgift for 2020
Vi er takknemlege for alle som støttar arbeidet vårt! Medlemsavgifta for 2020 kan ein betale via Vipps til 10386 – Wikimedia Norge, eller overføring til kontonummer: 1503 08 00866. Avgifta er på kr. 200, eller 100 for studentar o.a.
Spørjeundersøking om Wikimedia-mangfaldskonferanse i Oslo
Wikimedia Noreg planlegg ein Wikimedia-mangfaldskonferanse i 2020, og i samband med det vil vi gjerne ha svar frå deg på ei kort spørjeundersøking.Du kan lese meir om planlegging av konferansen og ta spørjeundersøkinga på bloggen vår.
Er du student og interessert i frilansoppdrag?
Wikimedia Noreg treng av og til hjelp med massopplastingar til Wikimedia Commons eller Wikidata. Er det noko du kunne tenke deg å hjelpe til med? Vi ser for oss at det kan vere ein grei frilansjobb for ein student med kjennskap til Wikidata og/eller Wikipedia. Send ein epost til jhsoby@wikimedia.no viss du er interessert eller har spørsmål.
Snøhetta skal skape ny visuell profil for Wikimedia
Førre veke vart to workshoppar arrangerte i Oslo i samband med at Snøhetta er valde som samarbeidspartnar av Wikimedia Foundation til å lage ny visuell profil for Wikimedia. Meir om arbeidet kan ein lese på denne sida!

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement