Wikimedia Norge/Newsletter/2021-08/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2021-08 and the translation is 100% complete.


Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg

Hei, her kjem siste nytt frå Wikimedia Noreg!

Arctic Knot – ein stor suksess
Det siste vi gjorde før sommarferien var å gjennomføre Arctic Knot-konferansen. Vi har brukt store delar av 2021 på å førebu oss, og gjennomførte to bra dagar med mykje engasjement. Dei fleste videoane frå konferansen er tilgjengelige i denne spelelista på YouTube.
13.–17. august
Wikimania
I morgon startar Wikimania, og siste frist for å melde seg på er rundt midnatt i kveld. Wikimania går over 5 dagar, og programmet er tilpassa fleire tidssoner, det vil seie at noko skjer på dagtid og noko på kveldstid. Det er veldig mange spanande innslag!
Wikimedia Noreg deltek med ein workshop. Workshoppen har som mål å jobbe vidare med ideen om å skape eit Wikimedia-nav for urfolksspråk og andre underrepresenterte språk. Alle er velkomne til å delta.
Neste wikitreff
25. august
Haustens første wikitreff handlar om Abstract Wikipedia. Vi sjår på presentasjonen til Denny Vrandečić frå Arctic Knot-konferansen saman, og diskuterer undervegs/etterpå. Wikitreffet finn stad på Google Meet, og byrjar kl. 17.00. Enkelt forklart er Abstract Wikipedia eit vis å skrive artiklar som funksjonar, så dei kan vere uavhengige av språk.
Verdas urfolksdag
9. august vert verdas urfolksdag markert. I det høvet skreiv vi eit blogginnlegg basert på nokon av presentasjonane frå Arctic Knot.
Wikipedia 20 år
Vi har fått videohelsingar til 20-årsmarkeringa for Wikipedia frå statsrådar og sametingspresidenten. Du kan sjå videoane her. Helsingane er til alle dei som har bidrege på Wikipedia i løpet av dei 20 åra det har eksistert – takk for innsatsen!
Bokmålswikipedia fyller 20 år i november. På wikitreffet i november markerer vi det; meir informasjon kjem.

Har du allereie betalt medlemsavgifta for 2021? Viss ikkje kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.

Dette nyhetsbrevet blir posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement