Skanwiki/Vekas artikkel/2005

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to: navigation, search
Opdater/Oppdater denne side/sida/sidan


Vekas artikkel-arkiv for 2007: januar - februar - mars - april - mai - juni - juli - august - september - oktober - november - desember

Vekas artikkel-arkiv for 2006: januar - februar - mars - april - mai - juni - juli - august - september - oktober - november - desember

Vekas artikkel-arkiv for 2005

I dag er det Wednesday, 24. September 2014; klokka er 04:28 (UTC)

Slett sidebufferen
Veke 13

Langrenn er ein konkurranseidrett som er svært populær i land med snø om vinteren, og då særskilt i Europa og Canada, men etterkvart óg i Japan, Kina og til og med Australia. Idretten er utvikla frå den nordiske tradisjonen med skigåing, opphavleg ein framkomst- og leikemåte og seinare ein populær trim- og fritidsaktivitet. I Noreg vert ofte løyper til bruk for alle preparerte av lokale myndigheiter eller idrettsklubbar. Langrenn høyrer til under dei nordiske greinene, saman med mellom anna skihopping, kombinert og skiskyting.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 14
LEGO

LEGO er ein serie av Leikety som består av fargerike plastklossar, tannhjul, figurar og andre delar som kan monterast saman til realistiske eller fantasifulle modellar av bilar, fly, tog, bygningar, slott, sjørøvarskip, romskip, månebasar, eller nesten kva som helst anna frå eventyr, science fiction, eller det verkelege livet. Pakkane er produsert av LEGO-gruppa, eit dansk firma. God kvalitet og fokus på detaljar sikrar at LEGO-klossar passar saman på mange måtar, og held seg i mange år. LEGO-gruppa starta forsiktig i verkstaden til Ole Kirk Christiansen, ein fattig snikkar frå Billund i Danmark. Den innovative familieeigde verksemda hans vaks etter kvart til ein av dei mest respekterte leiketyprodusentane i verda.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 15
Ein tamilsk lysestake

Varudapirappu (frå tamil வருடபிரப்பு [varuḍapirappu], årsfødsel) er namnet til den tamilske nyttårsdagen. Varudapirappu fell vanlegvis på den 13., 14. eller 15. april kvart år. I 2005 fell det den 14. april.

Varudapirappu blir enno feira på tradisjonelt vis, hovudsakleg saman med familien. Før varudapirappu må ein skrubba grytene til dei skin og setta dei til sides for å førebu det første måltidet i det nye året. Ein må rydda, vaska og reinsa huset, og pynta det med toranam, lenkjer av mangolauv, over dørene. På nyttårsdagen lagar folk også spesielle kolam, ein slags teikning på bakken med rismjøl, for å ønska alle velkommen inn.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 16
Portrett av Albert Einstein (fotograf: Yousuf Karsh, 11. februar 1948).

Albert Einstein (14. mars 1879 - 18. april 1955) var ein tysk-jødisk teoretisk fysikar og nobelprisvinnar som er mest kjend for å ha formulert relativitetsteorien. Einstein vart fødd i Ulm i det daverande kongeriket Württemberg i Tyskland, men voks opp i München. Som tenåring flytte han åleine til Sveits for å bli student (men han strauk på opptaksprøvene til skulen i det første forsøket).

I 1896 sa han frå seg sitt tyske statsborgarskap for å sleppa å gjera militærteneste, og byrja som lærarstudent ved Eidgenössische Technische Hochschule Zürich (Zürich polytekniske institutt). Han var gløgg, men utmerkte seg ikkje som nokon lynskarp elev. I 1900 vart Einstein uteksaminert som lærar i matematikk og fysikk, og fann ut at han ville prøva å få ein vitskapleg artikkel som han hadde skrive, på trykk i tidsskriftet Annalen der Physik. Artikkelen, som vart godteken, tok føre seg eigenskapane til væsker i sugerør.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 17
Ein mann held to massót (flatbrød, usyra brød). Illustrasjon frå København-haggadáen — eit illustrert manuskript frå 1739.

Pesah (hebraisk פֶּסַח pèsaḥ) eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán. Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesah varar.

Den første kvelden, og oftast òg den andre, held ein eit spesielt påskemåltid med symbolske matretter som karpás (selleri eller andre grønsaker), massót (flatbrød), marór (bitre urter), lammebein, eit grilla egg og sausen haróset — ein saus som skal minne om mørtelen dei israelittiske slavane brukte i Egypt. Kvar person drikk fire glas vin eller druejus. Med bakgrunn i desse matrettene og andre rituelle handlingar les ein påskeforteljinga om utgangen av Egypt.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 18
Norske flagg.

Den andre verdskrigen i Noreg tok slutt den 8. mai 1945. Kongefamilien og eksilregjeringa vende attende til Noreg i mai og juni same året, og ut over sommaren 1945 vart dei tyske styrkane sende attende til Tyskland. Dei allierte hadde frykta at den tyske hæren i Noreg skulle nekta å kapitulera og organisera eit fanatisk forsvar på norsk jord. Øvstkommanderande for dei tyske styrkane i Noreg fekk ordre frå den nye rikspresidenten Karl Dönitz om å leggja ned våpna.

Noreg var blitt invadert den 9. april 1940, og sjølv om landet var dårleg førebudd på krig, møtte tyskarane meir motstand enn venta. Først den 10. juni kapitulerte norske styrker, kongen og regjeringa reiste i eksil til Storbritannia, og ein tok til å organisera ei motstandsrørsle. Les meir.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 19
Rismark i Bangladesh

Ris er ei grasplante som gjev eit stiverikt korn. Namnet er brukt for både kornet og planta. Ris er rekna som eit av dei viktigaste kornslaga i verda. Han er det einaste hovudnæringsmidlet for nesten 50% av menneskja, og, til forskjell frå andre kornslaga, er meir enn 95% av rishausten eten av menneske. Nokre asiatiske språk bruker det same ordet for både 'ris' og 'mat'. Ein kokar ris for å laga han til. Ris kan etast åleine, i suppe, eller med karri eller grønsaker. Les meir.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 20

17. mai er den norske grunnlovsdagen, feira sidan om lag 1814 til minne om at landet fekk eigen grunnlov og til støtte for norsk identitet og sjølvstende. Den nauriske grunnlovsdagen, til minne om grunnloven landet fekk i 1968, blir òg feira denne dagen.

17. mai er dagen for galisisk litteratur, feira sidan 1963 til minne om den første boka som kom ut på galisisk, Cantares Galegos av Rosalía de Castro frå 1863. Frå 2005 er datoen òg internasjonal dag mot homofobi, til minne om fleire positive hendingar for homofile som hende denne dagen. Les meir
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 21
Nordsjøen.

Nordsjøen er eit randhav av Atlanterhavet som ligg innkransa av Noreg og Danmark i aust, Dei britiske øyane i vest og Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike i sør. Nordsjøen grensar mot Norskehavet i nord og er bunde saman med Atlanterhavet gjennom Den engelske kanalen i sør. I aust formar han bukta Skagerrak mellom dei tre skandinaviske landa, som er forbunde til Austersjøen gjennom Kattegat, Øresund, Storebælt og Lillebælt.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 22

Baron Audun Hugleikson Hestakorn (f. 1240-åra, d. 2. desember 1302) var ein stormann i kongeriket Noreg1200-talet. Han vert rekna som ein viktig politikar og jurist for si tid, og ein trur han hadde ei sentral rolle i utforminga av det norske lovverket i mellomalderen (Landslova, Bylova og Hirdskrå). Frå 1280 fram mot årtusenskiftet fekk han stadig viktigare stillingar i statsleiinga. Mellom anna hadde han eige sete i kongens råd, tenestegjorde som stallare ("advokat"), fehirde ("skatteminister") og bar tittelen baron.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 23
Avisteikning av kranglande Noreg og Sverige.

Unionsoppløysinga i 1905 er ei nemning på hendingane som gjorde at unionen mellom Noreg og Sverige vart oppløyst.

Unionen hadde etter 1884 lite å seia for innanrikespolitikken, men i utanrikspolitikken var Noreg framleis nøydd til å følgja svenskane. Dei svenske styresmaktene ville ikkje gje Noreg rett til å ha konsulat eller ambassadar i utlandet, ettersom Noreg tilhøyrte Sverige. Dette førte med seg problem for norske sjøfolk, som stadig hadde bruk for hjelp rundt om i verda, men opplevde at svenske konsular var lite hjelpsomme. Så vedtok Stortinget ein lov om eit eige norsk konsulatvesen. Les meir
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 24
Ein Mazda RX-8 som går på hydrogen.

Hydrogen er ein fargelaus og luktfri, ugiftig men svært brennbar gass. Det er det lettaste av alle grunnstoff og har atomnummer 1 og symbolet H. Hydrogen kan reagera med dei fleste andre grunnstoff. Det finst i vatn, i alle organiske stoff og i alle organismer. Det er det vanlegaste grunnstoffet i universet, og så godt som alle stjerner i hovudserien består av hydrogen i plasma-fase. Hydrogen blir brukt i ammoniakk-produksjon, som rakett-drivstoff, alternativt drivstoff i bilar, og i den siste tida som kraftkilde for brensleceller. Evelina är bäst!!!!!!
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 25
Satelittbilete av Afrika.

Afrika er verdas andre største og andre folkerikaste verdsdel etter Asia. Med ein flatevidd på 30 244 050 km² (inkludert øyane) dekker han 20,3% av alt landarealet på jorda. Dei 800 millionar afrikanarane utgjer om lag sjuendeparten av alt folket på jorda.

Arkeologisk og genetisk forsking tyder på at menneskja opphavleg kom frå Afrika og utvandra til resten av verda. Det er her ein finn dei eldste busette områda i verda.

I dag er verdsdelen hovudsakleg kjend for krig, svoltkatastrofar, AIDS-epidemi og fattigdom. Dette er eit noko skeivt bilde, ettersom me sjeldan høyrer om dei afrikanske landa der det går bra. Likevel er det slik at sidan Afrika blei kolonisert har verdsdelen strevd med å koma seg på beina. Les meir
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 26
Frå Roskildefestivalen 2003.

Roskilde Festival er ein av dei største årlege musikkfestivalane i Europa. Festivalen vert oftast arrangert i slutten av juni og byrjinga av juli like utanfor byen Roskilde, som ligg om lag 36 km sørvest for København.

Festivalen vart første gong arrangert i 1971 av dei to studentane Mogens Sandfær og Jesper Switzer Møller, saman med marknadsføraren Carl Fischer. Den gongen var hippiar målgruppa, men etter at Roskilde Foundation tok over arrangementet i 1973 vart målgruppa etterkvart utvida til å gjelde ungdom generelt frå heile Europa, sjølv om festivalen framleis legg hovudvekta på rock (og pop).

Roskilde Festival 2005 har band som Audioslave, Black Sabbath, D-A-D, Duran Duran, Foo Fighters, Green Day, Brian Wilson og om lag 150 andre band og DJ'ar på programmet. Les meir
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 27
Innsida av den portugisiske synagogen i Amsterdam, med tebáen (leseplattforma) nærmast og Hekhál (arka) i bakgrunnen.

Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Tora (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam). Etter andre verdskrigen og Holocaust er det ikkje meir enn 700 medlemmer i meinigheita. Men denne synagogen, som mirakuløst nok overlevde nazistane sine øydeleggingar (fleirtalet av dei tyske synagogane vart sette i brann), er stadig open for publikum.

Den 12. september 1670 vart tomta kjøpt for oppføring av den nye portugisiske synagogen i Amsterdam. Synagogen vart teikna av den nederlandske arkitekten Elias Boumann. Arbeidet tok til den 17. april 1671, og synagogen vart innvigd på 2. august 1675. Les meir
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 28
Kommunevåpenet til Bodø.

Bykommunen Bodø er fylkeshovudstad i Nordland fylke. Ein person frå Bodø blir gjerne kalla bodøværing.

Bodø ligg nord for polarsirkelen (67° 17" N 14° 23" O) og har midnattsol frå 4. juni til 8. juli. Byen si plassering midt mellom hav og innland har gjeve han eit solid næringsgrunnlag. Bodø kommune grensar i nordaust mot Sørfold, i aust mot Fauske og Saltdal, og i sør mot Beiarn og Gildeskål.

Bodø sitt byvåpen er ei gul sol på raud bakgrunn. Byvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg, og vart vedteke ved resolusjon av regjeringa den 24. juli 1959. Byvåpenet symboliserer at Bodø er den fyrste byen nord for polarsirkelen. Les meir
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 29
Bilde av Mars teke med Hubbleteleskopet.

Mars er den fjerde planeten frå sola i solsystemet vårt. På grunn av den raude fargen sin, som kan minna om blod, har han fått namn etter den romerske krigsguden Mars. Mars har to små månar, Phobos (frykt) og Deimos (skrekk). Begge er urunde og små, dei er moglegvis innfanga asteroider. Overflatearealet på Mars er bare ein firedel av det til jorda, men viss ein ser bare på landarealet (over vatn) på jorda er det omtrent like mye som arealet på Mars. Massen til Mars er kun 1/10 av den til jorda.

Mars har alltid fascinert menneska. Den raude, eldfulle utsjånaden på himmelen er mystisk og fengslande. 20. juli 1976 landa det første romskipet frå jorda, Viking 1, på Mars. Les meir
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 30

Kronos er namnet på ein av titanane i gresk gudelære. Namnet hans liknar på det til Chronos, personleggjeringa av tida, men dei to er ikkje den same. Kronos svara til Saturn i romersk gudelære. Han høyrde til den første generasjonen av titanane, og mokre myter seier at han var den yngste av dei.

Grekarane dyrka Kronos som ein gud for korn, natur, jordbruk og grøde. Han blei gjerne avbilda med ein sigd i handa, både fordi han var grødegud og avdi han brukte sigden som våpen. Festivalen Kronia blei halden i Aten den tolvte dagen av kvar månad (hekatombaion) til ære for Kronos og grøden.

Kronos vann stillinga si ved å drepa eller lemlesta sin eigen far, UranosHimmelen, som forbanna han og sa at same skjebnen skulle ramma ugjerningsmannen. For å hindra dette åt Kronos kvart av barna sine så snart dei var fødde. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 31
Soppskya over Nagasaki.

Atombombene over Hiroshima og Nagasaki var to atombomber slupne i lufta over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki den 6. og 9. august 1945. Bombene drap minst 120 000 menneske med ein gong, og dobbelt så mange over tid. I tillegg har dei som overlevde bombene og etterkomarane deira slite med seinskader som kreft og misdanningar. Fellesnemninga på dei som blei påverka av bomba på japansk er hibakusha (被爆者), og dei fortsatt ei eiga gruppe i Japan som kan oppleva å bli utstøtte, ikkje få arbeid, og ha problem med å stifta familie.

Den 15. august, ni dagar etter det første atomåtaket og seks dagar etter det andre, sende dei japanske styresmaktene ei formell overgjeving til amerikanske styrker. USA hadde oppnådd det dei ville, men ei grusom øydeleggjing som skulle plaga ofra i åra som kom var igjen. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 32
Måleriet «Soleienatt» av Nikolai Astrup med motiv frå Jølster.

Jølster er ein kommune i Sogn og Fjordane og ligg i Indre Sunnfjord. Det er to tettstadar i Jølster; Vassenden og Skei.

Nikolai Astrup budde i Jølster, og henta dei fleste av motiva sine her. Astruptunet er det best kjende museumet i kommunen.

Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen kretsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg omlag 200 moh. Det høgste fjellet i kommunen heiter Snønipa og er 1 827 meter høgt. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jolmster» som tyder bråk og larm. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 33
Shwedagon-pagoden

Historia til landet som i dag heiter Myanmar dekker òg område som no ligg i naboland, som Bangladesh, India, Kina, Laos og Thailand.

Det har budd menneske i det som no blir rekna som Myanmar så tidleg som for 11 000 år sidan, men den første sivilisasjonen ein veit om er monfolket. Dei migrerte truleg til området rundt år 3000 f. Kr, og det første kongedømet deira, Suwarnabhumi, vaks fram kring Thaton rundt 300 f. Kr. Munnlege historieoverføringar tyder på at dei støtte på buddhismen gjennom oversjøisk kontakt omtrent 100 år før, og seinast rundt 300 f. Kr, då dei møtte ei utsending av misjonerande munkar frå Asjoka. Mykje av dei skriftlege nedteikningane deira er vorte øydelagde av krigar. Mon-kulturen blei etter kvart sterkt påverka av indisk kultur. I løpet av 800-talet kom denne blandinga til å dominere heile det sørlege Myanmar. Les meir
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 34

Sommar-OL 1908 eller Dei 4. olympiske sommarleikane blei halde i London i Storbritannia. Vertsnasjonen blei beste nasjon, medan Noreg fekk to gullmedaljar.

Leikane var opphavleg lagde til Roma, men etter vulkanutbrotet til Vesuv i 1907, som la Napoli i ruinar, måtte italienarane bruka alle midlane sine til gjenoppbygging. OL blei flytta til London, og White City Stadium blei bygd på rekordfart.

Leikane i 1908 var dei fyrste som inneheldt vinterøvingar, med fire kunstlaupsøvingar. Isøvingane kunne sjølvsagt ikkje haldast om sommaren, men gjekk føre seg nokre månader ifrå dei andre øvingane. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 35
Ei kvinne spelar karnatisk fiolin.

Den karnatiske fiolinen er utvikla frå den europeiske fiolinen til å bli eit viktig og verdsett instrument innan karnatisk musikk. Han har same forma som den europeiske fiolinen, men er halden på ein veldig forskjellig måte — fiolinspelaren sitt med den breie enden på skuldra og den andre kvilande på foten. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 36
To manatar.

Sjøkyr er havpattedyr av ordenen Sirenia. Dei planteetande dyra held til i kyststrok rundt Atlanterhavet. Ein deler sjøkyrne inn i to familiar, manatar og dugongar.

Sjøkyrne har tilpassa seg livet i havet. Lemmane deira har utvikla seg til årer dei kan padla seg rundt med, men armane kan òg brukast til å "gå" langs botnen og til å bevega mat mot munnen deira. Dyra har få tenner og mykje kroppsfeitt, og brystvortene sit under armane deira. Dei er gråfarga, og kan gjerne sjå ut som store steinar når dei ligg på botnen av hav eller vatn. Les meir.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 37
Den japanske folkevalde forsamlinga.

Demokrati er eit styresett der størstedelen av innbyggjarane i eit samfunn kan røysta over korleis samfunnet skal styrast. I moderne demokrati har alle statsborgarar over ein viss alder røysterett, men somme tider med visse unntak, som fengsla eller umyndiggjorte menneske. Vidare held ein val med jamne mellomrom, anten over saker som skal avgjerast, eller over kven som skal representera folket og ta avgjerder for det. Maktfordelingsprinsippet er grunnleggjande for moderne demokrati. Det same er ytringsfridom, særleg frie medium.

Ordet demokrati kjem frå gresk, og betyr folkestyre. Så langt er det greitt. Men heile folket kan ikkje styre samtidig, det er ikkje gitt at alle folk tilhøyrer folket i politisk forstand, kva som skal styrast er ikkje gitt i utgangspunktet, og det ligg heller ikkje noko eksplisitt om rettar i omgrepet. Difor er omgrepet ikkje så eintydig som ein ofte kan få inntrykk av. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 38
Rognebær i Helsinki.

Rogn (Sorbus aucuparia) er eit lauvtre i planteslekta Sorbus og sorterer under rosefamilien. Treet kan bli opp til 10 meter høgt avhengig av klima. Langs kysten og i fjellet kan rogn også vere i buskeform. Unge tre er slanke og kjegleforma, men etter som tida går blir dei meir avrunda og buskete. Dette er fordi treet ofte manglar eigentlege toppskot.

Rogn veks som pionertre og i skogbryn over heile Europa, bortsett frå i Middelhavslanda og i Alpane. Treet finst i heile Noreg og opp til 1500 moh. i sør. Ho er lyskrevande, men tåler vind. Les meir
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 39
NES spelekonsoll.

Nintendo Entertainment System (ofte forkorta til NES eller ganske enkelt Nintendo) er ein 8-bits spelekonsoll laga av det japanske føretaket Nintendo. Konsollen er kjend for ei rekke klassiske TV-spel, til dømes Super Mario Bros. NES blei mindre populær etter at Super Nintendo blei lansert i 1990, og gjekk ut av produksjon få år seinare, men fekk på grunn av den tidlegare store spreiinga ein nostalgisk kultstatus. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 40
Insulinkrystallar.

Insulin (frå latin insula, 'øy') er eit polypeptid-hormon som vert laga av cellegrupper kalla Langerhanske øyer i bukspyttkjertelen og vert utskilt til blodet avhengig av matinntak og blodsukkernivå. Insulin står sentralt i kroppen sin sukker-/karbohydrat-/glukose-metabolisme, og underskot på insulin fører til diabetes mellitus, såkalla sukkersjuke. For lite insulin ved diabetes gjev høgt blodsukker – hyperglykemi – og for mykje insulin ved diabetesbehandling kan gje lågt blodsukker – hypoglykemi, såkalla føling. Insulin fungerer også som eit anabolt (vevsbyggjande) hormon i feitt- og protein-stoffskiftet. Mangel på insulin kan difor føra til tap av muskel- og feittvev, og vekttap er eit vanleg symptom på diabetes mellitus. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 41
Sjofaren som ein bles i på slutten av høgtida er eit symbol på jom kippur.

Kippúr eller jom kippúr (frå hebr. יוֹם הַכִּפּוּרִים jōm hakkippūrīm) er den jødiske forsoningsdagen. Høgtida er ei av dei viktigaste i den jødiske kalenderen, og blir gjerne halden også av dei som er mindre religiøse. På kippúr skal ein gjera opp for synder, både som folk og som enkeltperson. Ved å sona for dei får ein òg tilgjeving.

Kippúr fell på den tiande dagen av månaden tisjré. Etter den sivile kalenderen havnar kippúr ein dag mellom 15. september og 14. oktober. I 2005 fell kippúr på 13. oktober — det vil seie frå 12. oktober ved solnedgang til 13. oktober etter solnedgang. Dei ti dagane før høgtida, innleia av nyttårsdagen nn:rosj hasjana, har vore ei tid av anger og bøn. Kippúr står for reinsing frå synd, og på grunn av dette ber mange jødar symbolske kvite klede på denne dagen. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 42

Senterpartiet (SP) er eit norsk politisk parti med grunnlag i den norske primærnæringsrørsla (bonde- og fiskarrørsla) som vart stifta på landsmøtet i Noregs Bondelag i 1920. Partiet vart kalla Bondepartiet og var det andre klassepartiet i Noreg, etter Arbeidarpartiet. Partiet braut dei organisatoriske banda til bonderørsla allereie i 1922, og i 1965 endra dei namn til Senterpartiet. Les meir…
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 43
Gates på konferansen IT-Forum i København. (Foto: Kees de Vos, 2004)

William Henry Gates III, (fødd 28. oktober 1955), best kjend som Bill Gates, er ein forretningsmann og programvareutviklar frå USA. Saman med Paul Allen grunnla han verksemda Microsoft, der han idag er styreleiar og «hovudprogramvarearkitekt». Tidsskriftet Forbes har sett Gates som den rikaste personen i verda, med unntak av statsoverhovud, frå 1993 og fram til 2005 Nettoformuen hans er rekna ut til å vera omlag 46,5 milliardar dollar (2005). Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 44
Fyrverkeri som stjerneskot er svært populære for alle religionar under dipavali.

Dipavali eller divali er namnet åt den indiske lyshøgtida. Ho vert feira med å tendra oljelampar og fyrverkeri. Dipavali er den einaste høgtida som tradisjonelt har vorte feira i alle delar av India og er difor i dag vorte eit symbol på samhald i India.

Sjølv om dipavali i Vesten vert sett på som éin hinduistisk fest er han eigentleg mykje meir enn det. Høgtida inkluderer ti ulike hinduistiske, djainistiske og sikh-festar, som fell på eller rundt den første nymånen i den indiske månaden kártika. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 45
Marie Curie

Maria Skłodowska-Curie (7. november 18674. juli 1934), kjend som Marie eller Madame Curie, var ei polsk-fransk vitskapskvinne som stod for banebrytande forsking på radioaktive stoff. I samarbeid med ektemannen Pierre Curie oppdaga ho polonium og radium og hjelpte til med å forklara fenomenet radioaktivitet. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 46
Eit menneske vert påverka av arv og miljø. Kva er då fri vilje?

Fri vilje er ei filosofisk doktrine som diskuterer om vala me gjer som menneske blir gjort ut frå oss sjølve. Innan naturvitskapen og tildels sosiologisk forsking er det mykje som tyder på at det ikkje finst fri vilje, men likevel har folk flest ei sterk kjensle av å inneha ei eiga fri vilje.

Diskusjonen har vore oppe sidan Aristoteles si tid, men har vorte aktualisert meir med ny forsking. Les meir…
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 47
Snøflak i mikroskop.

Snø er nedbør i form av krystallinsk vassis som kjem ned i store mengder snøflak. Ettersom snøen er sett saman av små, grove partiklar, er det eit granulært materiale. Snøen har ein open og dermed mjuk struktur, dersom han ikkje er pakka saman av ytre press.

Snø vert vanlegvis danna når vassdamp går gjennom deposisjon høgt i jordatmosfæren ved temperaturar under 0°C, og deretter fell til bakken. Snø kan også lagast ved hjelp av snøkanonar, sjølv om det dei lagar er partiklar som liknar meir på hagl. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 48
Émile Durkheim

Émile Durkheim (15. april 185815. november 1917) var ein fransk vitskapsmann, kjend som ein av grunnleggarane av sosiologien.

Durkheim søkte å lage ein vitskap for den sosiale ordenen ved å studere denne som «... måtar å handle på, å tenkje og føle på, som er utanfor individet og som er gjeve ei ytre tvingande makt og som i kraft av denne påtvingar seg individet». For Durkheim var det avgjerande at ein skulle studere det sosiale frå ei utside – som ting. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 49
Avokado

Avokadofrukta, som opphavleg er eit bær, er rund til pæreaktig i fasongen og har ein nøtteaktig smak. Det læraktige skalet varierer med sortane frå grøn til mørkegrøn. Steinen inni ein vaksen frukt er om lag så stor som ein golfball. Fruktkjøtet er gulgrønt til gullgult, men fargar seg mørkt dersom det blir utsett for luft (pga. oksidering). Ordet «avokado» stammar frå Nahuatl-ordet ahuacatl som også tyder ‘testikkel’. Spanjolane gjorde det om til «avocado» — eit uttrykk dei var vande med, sidan det var eit gammalt ord for ‘advokat’. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 50
Kvite sjakkbrikker på eit brett.

Sjakk er eit brettspel for to spelarar, og er eitt av dei mest utbreidde spela i verda. Det vert spela med 32 brikker på eit kvadratisk brett med 64 ruter. Målet med spelet er å setja kongen til motspelaren i ein slik situasjon at han ikkje kan reddast.

Spelet er svært innvikla og er blitt kalla både ein kunst og ein vitskap. Dei mange trekka og moglege utviklingane i spelet er så mange at ikkje ein gong dei beste spelarane kan sjå for seg alle utfalla. Talet på moglege spel er større enn talet på atom i universet. Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 51
Julemat og julepynt.

Jul er opphavleg namnet på den norrøne midtvinterfesten, men blir i dag særleg bruka om den kristne høgtida til minne om Jesu fødsel. Jula slik ho blir feira i Noreg og elles i Skandinavia i dag er ei synkretistisk høgtid som hovudsakleg inkluderer trekk frå den kristne kristmessa, den romerske saturnalia-festen og den norrøne jula — i tillegg til enkelte trekk frå mellom anna den jødiske lysfesten hanukká.

I Noreg blir jula feira med julemat, levande lys og musikk; ein gjev kvarandre gåver, dei fleste pyntar juletre, i mange familiar les ein juleevangeliet, mange går til julegudstenester i kyrkja. Det er vanleg å halde juletrefestsamfunnshuset i romjula.
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 52
planeten Jupiter

Jupiter (symbol ♃) er den femte planeten frå sola og den største i solsystemet. Namnet kjem frå den romerske guden Jupiter. Etter ein gammal konvensjon for solsystemet (som er på veg ut) har kart over (og bilete av) Jupiter alltid nord ned og sør opp. Jupiter har 2,5 gonger meir masse enn alle dei andre planetane til saman. Han er så massiv at til og med det felles tyngdepunktet med sola ligg utanfor soloverflata (1,068 gonger solradiusen frå sentrum av sola).   Les meir...
Vis - rediger Diskusjon - historikk


Veke 53

Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 53, 2005
Vis - rediger Diskusjon - historikk

Interwiki[edit]