No.wikinytt Wikinytt:Merking

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki

Det er ofte smart å legge att ein kommentar på diskusjonssida til ein artikkel om kvifor du har merka den på eit spesielt vis.


Merke Gjer følgjande utslag Skal nyttast når
{{nn:leggut}}
{{nb:leggut}}
(Artikkelen kjem ikkje til å verte synleg endra, men artikkelsida vert lagt i «Kategori:Gode artiklar», og truleg lagt ut.)
Legg dette merket i ein artikkel som du meinar er klar til å leggast ut, so går den gjennom ei kjapp handsaming før den vert publisert.
{{nn:arbeid}}
{{nb:arbeid}}
Denne må du berre bruke for å merke ein artikkel du arbeidar med nett no. Føremålet med merket er å sleppe at to wikinytt-brukarar endrar same artikkel. Ofte er ikkje dette merket naudsynt. Alltid hugs å fjerne merket når du er ferdig!
{{nn:telegram}}
{{nb:telegram}}

Den her artikkelen er ein kort telegramartikkel. Om du veit meir om emnet den omtalar kan du utvide den.

Kategori:Telegram

Legg det her merket i artiklar som kort og konsist ramsar opp fakta, men som ikkje kan kallast artiklar.
{{nn:kjelder}}
{{nb:kilder}}
Caution Denne artikkelen inneheld informasjon utan underbygging frå sitat av kjelder eller andre referanser. Det kan difor vere ukorrekt informasjon i artikkelen. Om du har informasjon om saka artikkelen tek føre seg kan du betre den ved å legge inn kjeldesitat og/eller andre referanser og/eller fjerne utsegner som viser seg å vere usanne.
Artikkelen har absolutt ingen kjelder eller referansepunkt - eller den inneheld berre noko informasjon utan referanse.
Bruk diskusjonssida.
{{nn:liten}}
{{nb:liten}}
Denne artikkelen inneheld for lite informasjon.
Om du har nok informasjon er det fint om du betrar den.
Når den er klar til å leggast ut kan du endre {{nn:liten}}-merket til {{nn:leggut}}.
Artikkelen er alt for liten til at den vil gjere noko nytte for seg på framsida
{{nn:npov}}
{{nb:npov}}
Caution Nokon meinar at denne artikkelen bryt med nøytralitetsprinsippet, og at den inneheld unøyaktig informasjon, og/eller at informasjonen er farga av eit visst syn.

Kategori:Wikinytt/Diskutert

Du meinar at artikkelforfattaren ikkje held Nøytralitetsprinsippet i hevd.
{{nn:feilkjelde}}
{{nb:feilkjelde}}
Caution Nokon meinar at denne artikkelen inneheld ukorrekt eller villeiande informasjon.
Du har sjekka fakta i artikkelen og funne ut at det som står her er direkte feil. Artikkelen er med andre ord ei feilkjelde.
{{nn:uferdig}}
{{nb:uferdig}}
Denne artikkelen treng meir informasjon. Du sjølv, eller WikiNytt-samfunnet bør bruke meir tid på den før den vert publisert.
{{nn:opprydding|Årsak}}
{{nb:opprydning|Årsak}}
Caution Denne artikkelen har vorte merka for redaksjonell handsaming. Det vil seie at ein av redaktørane meinar at artikkelen ikkje kan publiserast i noverande form. Årsaken til merkinga er følgjande:
«Årsak»
Artikkelen er dårleg skriven, wikifiser, formatert eller det er andre grunnar til at den treng ei stilmessig/estetisk opprydding.
{{nn:ikkjenyhende}}
{{nb:ikkenyhende}}
Caution Nokon hevdar at denne artikkelen ikkje inneheld nyhende-materiale. Emnet er truleg omtala og/eller diskutert på diskusjonssida. Ei mogeleg handling for ein artikkel som ikkje passar inn under Wikinytt-konseptet kan vere å kopiere den over til eit av systerprosjekta; til dømes Wikipedia. Dersom teksten ikkje er relevant for nokon av desse prosjekta kan den òg verte merka for sletting.
Denne artikkelen handlar ikkje om eit nyhende.
{{nn:slett|Årsak}}
{{nb:slett|Årsak}}

Denne artikkelen har vorte merka for SLETTING. Om du ikkje er einig i merkinga kan du endre {{delete|årsak}}-merket til eit passande merke og skrive kva du meinar om saka på diskusjonssida. Årsaken til merkinga er følgjande:
Årsak
Denne artikkelen bør slettast. Anten fordi innhaldet ikkje har noko med WikiNytt-konseptet å gjere, eller fordi den er heilt openbar vandalisme.
{{nn:opphavsrett|url=http://nettstad}}
{{nb:opphavsrett|url=nettsted}}

Det vert hevda at delar av, eller heile innhaldet i denne artikkelen bryt med opphavsretten.

Artikkelen vert omskriven på den her sida: No.wikinytt Wikinytt:Merking/Ny

WikiNytt kan ikkje akseptere brot på opphavsretten. Difor vert den her sida snarleg sletta for å fjerne alt materiale som er lagt inn utan løyve frå eigar eller opphavsrettsinnehavar.

Teksten som tidlegare stod her ser ut til å bryte med opphavsretten til teksten som er å finne på lenkja under:

http://nettstad

Viss det vart gjeve løyve til å nytte materialet som tidlegare låg her gjennom til dømes Creative Commons Attribution 2.5-lisensen eller du er eigaren av opphavsretten til materialet på sida vi lenkjer til ovanfor er det fint om du gjer uttrykk for det på diskusjonssida til artikkelen.

Om det ikkje låg føre noko løyve til å nytte materialet kan du skrive ein ny artikkel om emnet på følgjande side; No.wikinytt Wikinytt:Merking/Ny, eller la artikkel-emnet ligge i ro til den her sida vert sletta. (Merk! Ikkje kopier tekst frå den her sida, som bryt med opphavsretten til den nye sida og skriv det om der. Det kan føre til at opphavsrettsbrotet vert lagra i artikkelhistorien på den nye sida. Viss du opprettar ei ny artikkelside bør du seie i frå om det på diskusjonssida til den her artikkelen.

Dersom det viser seg at teksten på den nye artikkelsida berre er ei lett omskriving av det tidlegare innhaldet, og på det viset eit framhald av opphavsrettbrotet, kjem den òg til å verte snarleg sletta.

Det er ein ørliten sjanse for at artikkelen inneheld brot på opphavsretten - eller den har heilt klåre brot. Same sak; alt i WikiNytt skal vere GFDL.