Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 24, 2007
Appearance
Eigerøy fyrstasjon er eit kystfyr på den vesle øya Midbrø ved Eigerøy i Eigersund kommune i Dalane i Rogaland. Stasjonen vart oppretta i 1854 og var den fyrste i landet med fyrtårn i støypejarn. Stasjonen vart automatisert og avfolka i 1989.
Tårnet er eit raudt jarntårn med eit kvitmåla belte. Det reiser seg 32,9 meter til ei høgt på totalt 46,5 meter over havet. Innvendig er det 134 trappetrinn frå sokkelen opp til lykthuset på tårnet. Lyskjelda gjev tre blinkar med rundtlysande kvitt lys kvart 30. sekund. Fyrlinsa er av første orden, med ei lysstyrke på 3 905 000 candela, og ei lysvidde på 18,8 nautiske mil. Eigerøy fyrstasjon er framleis rekna å vere eit lyssterkt fyr. Les meir…