Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 7, 2007

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Eit menneskehjarte.

Eit hjarte (latin cor, fleirtal cordis) er eit holt muskulært organ som pumpar blod eller andre kroppsvæsker gjennom kroppen ved å gjennomføra stadige rytmiske samantrekningar.

Det finst kretsløpssystem utan hjarte (t.d. hos leddormar), med eit hjarte (t.d. hos kjevemunnar) og med fleire hjarte (t.d. hos slimålar). Hjå dyr som har lukka kretsløpssystem (t.d. virveldyr) pumpar hjartet blod gjennom blodårar, medan det syt for at all kroppsvæske straumar gjennom heile kroppen hjå dyr som har ope kretsløpssystem (t.d. leddyr).

Hos menneske ligg hjartet til vanleg noko til venstre for midten av brystkassa (toraks), under brystbeinet (sternum). Det ligg i ein sekk kalla hjarteposen (perikard), klemt inne mellom høgre og venstre lunge. Hjartet kviler mot mellomgolvet (diafragma). Hjartet har ein spiss, apeks, denne er normalt vend mot venstre. Hos barn ligg denne spissen høgt, hjartet ligg vassrett, hos vaksne er spissen retta meire nedover. Les meir…