Talk:LanguageNn.php/Archive1

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki

This page is mainly written in norwegian because it deals with Norwegian (Nynorsk) language issues.


Denne sida vart flytta frå Talk:LanguageNn.php for å gjera plass der etter at omsetjinga for Mediawiki 1.3.7 vart ferdig. Storparten av innhaldet der er flytta til andre sider der det høyrer betre heime (kanskje ei lenkje er lagt under #Sjå óg), eller fjerna fordi det ikkje er nødvendig. Som alltid kan ein finna det i historikken. Det som er att er for det meste kommentarar og dokumentasjon/diskusjon om ord og formuleringar som no er ferdig.

Vidare diskusjon/dokumentasjon føregår på Talk:LanguageNn.php.

Diskusjon, tilbakemelding[edit]

Framdrift[edit]

Hei Dittaeva! Dette ser fint ut :-) Arbeidet mitt med grovomsetjinga var ei lita kveldsøkt dagen før eg lasta opp fila hit. Når det gjeld attopprett, så kunne vi kanskje bruke atteropprett i staden — jfr. atterdåp, atterfall, atterføde, atterføding, attergang osv. (Nynorskordboka). Dette passar elles òg godt saman med svensk återupprätta — eit viktig omsyn etter mitt syn. Stå på! Og gje meg gjerne eit vink når du er vel nøgd med fila — eller om du gjerne vil ha mitt syn på noko. Så får vi sjå på korleis vi skal få last opp fila når ho er klar. :-) MVH, Olve 07:05, 12 Sep 2004 (UTC)

Eg skal gi deg eit vink. Kjem nok ikkje til å fortsettja før tysdag trur eg.--Dittaeva 22:12, 12 Sep 2004 (UTC)

Godt arbeid!!![edit]

Hei Dittaeva, Dette ser etterkvart temmeleg bra ut! Eg har nokre få merknader:

  • Du burde setja inn namnet ditt som medansvarleg for omsetjinga først i fila — anten du vil bruke eige namn eller pseudonym/brukarnamn.
  • Etter mitt syn er det mykjegodt klart til opplasting. Fila vår er allereie betre enn bokmålsfila, og det med solid margin!
  • Infinitivane bør gåast over. Eg brukte kløyvd infinitiv. Vi kan (1) behalde dette, (2) bruke fast a-infinitiv eller (3) bruke fast e-infinitiv. Alle tre alternativa er 100% i orden for meg.
  • Eg vil føreslå på nn.wiki at du blir utnemnd til «developer» for oss.

Stå på! :-D Olve 22:36, 20 Sep 2004 (UTC)

Takk, takk, det tok også sabla lang tid, men eg har jo vore tilsvarande grundig. Eg skal vurdere å settje inn namnet, trur også litt kommentarar om kopiering frå en.wikipedia er på sin plass. Målet mitt er eigentleg å ha den beste språkfila og det er den langt på veg allereie, det er fleire ting som er klarare / betre enn i den engelske originalen. Eg vil gjerne venta 1-3 veker å få klara opp i dei siste punkta på lista, men dersom de verkjeleg vil så kan ein sjølvsagt to ho i bruk med det same, ein kan sikkert gjera det i to omgangar. Eg for vel innrømme med det same at eg ikkje er den store språkeksperten og veit faktisk ikkje kva reglar ein brukar ved bruk av kløyvd infinitiv, så det er vel feil eg har komme med og dermed ikkje lett kan ordna utan å gå over til (2) eller (3). Eg tykkjer kløyvd infinitiv høyrest best ut (men veit ikkje heilt kva det går ut på), men Skolelinux som er dei dominerande innan nynorsk omsetjing av fri programvare brukar (2). Eg har tru på standardar så eg tykkjer me skal gjera det same. Eg trur eg skal lesa Skolelinux sine retningslinjer før eg går gjennom fila neste gong. Kan eg utnemnast til utviklar berre med støtte frå nn.wikipedia? Eg trudde ikkje det, men dersom det er mogleg har eg ikkje noko imot det.--Dittaeva 01:24, 21 Sep 2004 (UTC)

Korrektur[edit]

Hei Dittaeva, Har gått gjennom fila og retta litt på språket her og der. Nokre av rettingane er ein smakssak, så dei kan vi gjerne diskutere. Eg har tenkt litt over dette med infinitiv. Fordelen med kløyvd infinitiv er at ein får maksimal utteljing på dialektnære former for heile landet: halvparten samsvar for både e- og a-mål og opp mot 100% for mål med kløyvd infinitiv. Om du går inn på Nynorskordboka, så går det fram der kva for verb som får -a om ein bruker kløyvd infinitiv. Her er elles ei liste over nokre av dei viktigaste endringane:

Dårlege nynorskord eller mindre gode formuleringar[edit]

  • allminneleg > alminneleg
  • artiklen > artikkelen
  • beskjed > melding
    • systembeskjed > systemmelding
  • beskyttelse > vern
  • den (subj./obj.) > han/ho
  • dersom > om (betre stil)
  • endå > enno (i tid)
  • er påkrevd > trengst
  • forskjell > skilnad
  • gjer bruk av > bruk
  • importerast > bli/verte importert
  • internett leverandør > internettleverandør
  • indeks > register
  • kan vera på grunn av > kan komma av
  • lenke > lenkje
  • linje > line
    • retningslinje > retningsline
  • merka > merkte, merkt
  • nokon (m) / noka (f), noko (n); nokre (pl.) / ikkje nokon (neg. pl.)
    • noko e-postadresse > noka e-postadresse
    • noko side > noka side
    • nokon sider (positiv tyding) > nokre sider (i motsetnad til 'ikkje nokon' sider)
  • oppmerksam > merksam
  • riktig > rett
  • sannsynlegvis > truleg (fyndigare)
  • settja > setja
  • som regel > oftast (like tydeleg — og kortare òg)

spesial side > spesialside («ord deling»...)

  • sto (riksmål) > stod
    • oppsto (riksmål) > oppstod
  • valgte > valde
  • velg > velj
  • velge > velje / velja
  • verkjeleg > verkeleg (verkje er å ha verk; verke er å sjå ut som)
  • visning > vising (visning er noko gamle blomster er plaga av)

Usikker på desse orda[edit]

  • tilbake/attende > attende (tilbakerull har definitivt noko for seg, men tilbake bør elles helst brukast så lite som råd...)
  • søppelpost (Mykje betre enn spam! Men det kling likevel litt bokmålsaktig... Lurer litt på om bosspost eller bossbrev hadde vore betre...?)
  • sørvis (Tykkjer personleg dette ordet er litt hårreisande, men er klar over at Språkrådet har vedteke at dette er lov. Endra ikkje dette ordet, men var frista... ;-) )
Eg har i ettertid endra søppelpost til noko meir presist sidan det ikkje er snakk om "post" i det heile teke.--Dittaeva 12:44, 19 Oct 2004 (UTC)

Etterhengd possessiv[edit]

  • mi side > sida mi, osb.

Sei frå om det er noko her du er ueinig i!

Beste helsing, Olve 16:09, 21 Sep 2004 (UTC)

Kjempebra Dittaeva[edit]

Du har gjort ein flott jobb! Eg har diverre ikkje hatt mykje tid i det siste til aa vera med paa arbeidet med dette, men eg kan sjaa litt paa det i veka som kjem (viss ikkje me allereie har lasta opp alt innan den tid). Uansett kan jo ting endrast paa gjennom namespace uansett. Bjarte

Eigentleg skal dette installerast i morgon og dersom me er heldige kan det jo vera at det blir det, men ellers kan det godt ta ei veke til. Problemet med bruken av Mediawiki-namnerommet er at det ikkje kjem til nytte for ny-installeringar, men eg håpar å fylgja med på endringar og halda fila oppdatert, så noko stort problem er det ikkje.--Dittaeva 07:46, 14 Oct 2004 (UTC)

Til informasjon[edit]

Her er informasjon om omsetjing som kanskje er litt annleis enn det som er venta, og som andre kan vera misnøgde med:

Bilete[edit]

	NS_WIKIPEDIA_TALK => "Wikipedia-diskusjon",
	NS_IMAGE          => "Bilete",
	NS_IMAGE_TALK     => "Biletdiskusjon",

Dette heng saman med Medium. Det var kanskje snakk om Bilete (Image) i byrjinga, men no er det eigentleg snakk om alle moglege slags filer. T.d. File:VortaroUsingInheritance.sxd. Problemet her blir kanskje at me beveger oss for langt bort frå den engelske versjonen? Kva med Fil og Fildiskusjon?

Eg har endra det til "Fil" no.--Dittaeva 21:17, 9 Sep 2004 (UTC)
Denne enringar vil kanskje gjera at ein må flytta ein del biletebeskrivingssider frå "image"-namnerommet til "fil"-namnerommet (noko som ville skje så lenge det var omsett i det heile teke), i tilleg vil lenker slutta å virka.

Kjeldekode[edit]

'viewsource' => 'Vis kjeldekode',

kjeldekode dukkar nok opp lenger ned i fila også. Problemet eg har med ordet er at det høyrest veldig avansert ut, som om det er noko kode ein skal få sjå, medan vanlegvis er det berre wikiformatert tekst. På en.wikipedia brukar dei source kva med kjelde?--Dittaeva 16:33, 16 Sep 2004 (UTC)

Eg har no endra det til kjeldetekst. Eit søk på "kjelde" gjennom heile omsetjinga viser at dette kanskje kan virka litt forvirrande, men skal ein unngå dette må ein bruka noko utan "kjelde" i seg.--Dittaeva 15:04, 12 Oct 2004 (UTC)

difference[edit]

Olve har her først brukt forskjellar, så ser det ut til at han har heilt gått over til skilnad og skilnader. Eg har enda opp på å berre bruka forskjell. Eg er ikkje sikker på dette.--Dittaeva 18:25, 17 Sep 2004 (UTC)

Skilnad er mykje betre, trur eg. -- Olve 16:39, 21 Sep 2004 (UTC)
Dette har blitt endra til skilnad.--Dittaeva 10:33, 13 Oct 2004 (UTC)

Leit / søk[edit]

Olve har brukt søk / søkje og leit litt om kvarandre. Eg har standardisert på søk.--Dittaeva 18:25, 17 Sep 2004 (UTC)

'sysop / administrator'
Kanskje alle "sysop" forekomstar burde erstattast med administrator? --Dittaeva 22:01, 19 Sep 2004 (UTC)

Gjort.--Dittaeva 10:33, 13 Oct 2004 (UTC)

åt[edit]

Eg trur eg har gjort dei fleste "åt" om til "til". Dette er fordi eg trur at "til" er vanlegare og ikkje ikkje så framand for dei fleste nynorsk wikimedia brukarar. Dette er ikkje veldig viktig for meg, så skulle det vera det for andre, så kan de jo endra det tilbake.--Dittaeva 22:01, 19 Sep 2004 (UTC)

disabled[edit]

Eg har gått gjennom teksten og standardisert det som er disabled på engelsk til deaktivert, før var det ikkje mogglegjort (frå meg), deaktivert, eller slege av.

BookstoreListNn[edit]

Har fjerna desse to sidan eg ikkje finn noko måte å spesifisera ISBN søk på:

'Antikvariat.net (utan søk)' => 'http://www.antikvariat.net/',
'Mao.no (utan søk)' => 'http://mao.no/'

og lagt til Amazon.com på grunn av det store utvalet der. --Dittaeva 13:13, 16 Sep 2004 (UTC)

Fint. Kanskje Amazon.de er lurt å ha med òg...? -- Olve 16:42, 21 Sep 2004 (UTC)
Det er no lagt til.--Dittaeva 15:04, 12 Oct 2004 (UTC)

Metaside[edit]

Eg har endra dette til prosjektside som er den engelske varianten no. Trur dette er betre då det er snakk om sider som handlar om "prosjektet", metaside kan jo eigentleg brukast som referanse til sider i alle namnerom.

'wikipediapage' => 'Vis prosjektside',

(m. fl.) --Dittaeva 22:44, 14 Sep 2004 (UTC)

Flytande og fast venstre[edit]

/* private */ $wgQuickbarSettingsNn = array(
	"Ingen", "Fast venstre", "Fast høgre", "Flytande venstre"

Å bruka flytande venstre i denne samanhengen er heilt misvisande fordi dette valet faktisk er det som er fastast. Med fast venstre er menyen ein del av heile websida slik at den fosvinn når ein beveger seg langt nedover i ein lang artikkel. Med flytande venstre vil hurtigmenyen alltid vera oppe til venstre på websida, uansett kor langt nedover i ein artikkel ein beveger seg. Eg har difor endra det til Venstre, Høgre, og Fast venstre.

Drakt[edit]

	'myskin' => 'MiDrakt',
	'chick' => 'Chick'

Drakt er ei oversetjing som Skolelinux brukar frå theme som eg ser på som noko av det same som skin. Dette er ei drakt som ein kan programmere sjølv, det er difor den heiter MySkin, eit alternativ til mi oversetjing er å behalde den engelske versjonen eller evt. bruka EigaDrakt?

permissions[edit]

Dette blir brukt for å referere til at ein skal ha ein spesifikt brukarkontostatus (sysop, utviklar, byråkrat) for å kunna gjera noko, t.d.:

'whitelistacctext' => 'To be allowed to create accounts in this Wiki you have to log in and have the appropriate permissions.',

Olve omsette dette til rettigheiter. Språkrådet og nynorskordboka på nett likar ikkje rettigheit, eg har difor gjort det om til tilgang. Det er fleire alternativ, me kan jo drita i språkrådet, og eg er ikkje sikker på dette.--Dittaeva 23:35, 16 Sep 2004 (UTC)

'whitelistacctext' => 'For å lage brukarkontoar på denne wikien må du logge inn og ha rett type tilgang',

Medium[edit]

# The names of the namespaces can be set here, but the numbers
# are magical, so don't change or move them!  The Namespace class
# encapsulates some of the magic-ness.
#
/* private */ $wgNamespaceNamesNo = array(
	NS_MEDIA          => "Medium",

Media er den engelske versjonen. Dette "namnerommet" blir brukt for å laga lenker til alle moglege slags filer. T.d. ei slik lenke til ei tabellfil, eller media:VortaroUsingInheritance.pdf pdf fil. Lenka viser direkte til fila i staden for namnerommet Image (på engelsk) som viser til ei side som beskriv og evt. viser fila, t.d. File:Venus symbol (blue).png, eller image:Wikimedia.png.

Eg trur difor ikkje at Medium er særleg eigna. Kva med Fil-lenke, eller Media, andre forslag? Ettersom dette vil bli brukt i lenker, er ikkje dette noko som lett kan endrast seinare.--Dittaeva 10:36, 9 Sep 2004 (UTC)

Kva med Lenkje eller Direktelenkje. --Dittaeva 18:17, 13 Oct 2004 (UTC)
Lenkje høyrest greitt ut for meg. Jarle 11:59, 14 Oct 2004 (UTC)
Eg har endra det til Lenkje.--Dittaeva 14:02, 14 Oct 2004 (UTC)
Filpeikar? --Eddi 00:09, 15 Oct 2004 (UTC)
Takk, dette likar eg, skal tygga litt på det.--Dittaeva 21:21, 15 Oct 2004 (UTC)
Er no endra til filpeikar. --Dittaeva 21:37, 18 Oct 2004 (UTC)
Det kan verka som 'media' vart ordet paa engelsk fordi ein trudde det foerst og fremst kom til aa bli brukt for lyd- og videofiler til doemes, sjoelv om ein no brukar namnerommet for andre filer og. Derfor trur eg rett og slett berre "fil:" vil vera det beste ordet, medan "lenkje" vert litt for vagt. BjarteSorensen 00:46, 15 Oct 2004 (UTC)
Problemet er at "fil:" er allereie i bruk, eg har berre ikkje teke det med i denne delen fordi eg var så nøgd med det. Du kan sjå under #Til informasjon.--Dittaeva 21:21, 15 Oct 2004 (UTC)

Minor edit[edit]

Som sagt på wikitech mailinglista så burde minor vera trivial fordi det er det skal bety. Om redigeringa er liten eller stor er ikkje så viktig, det som er viktig å vite er om endringa i innhald er viktig. T.d. kan er det ikkje noko uviktig endring at ein fødselsdato blir endra frå 1881 til 1981, men den er "mindre". Eg har difor endra mindre redigering til uviktig endring, og endra bokstaven til "u".

Gjenopprett / attopprett[edit]

Dette er ordet som er brukt av skolelinux på bokmål, og no.wikipedia.org. Har tenkt på Tilbakekall.

Når det gjeld attopprett, så kunne vi kanskje bruke atteropprett i staden — jfr. atterdåp, atterfall, atterføde, atterføding, attergang osv. (Nynorskordboka). Dette passar elles òg godt saman med svensk återupprätta — eit viktig omsyn etter mitt syn. Olve 07:05, 12 Sep 2004 (UTC) (kopiert frå Olve sin originalkommentar av Dittaeva 22:44, 14 Sep 2004 (UTC))

se.wikipedia brukar "återställ", da.wikipedia brukar "gendan"

Eg tykkjer atteropprett har for svensk klang over seg og har difor endra den eine "gjenopprett"en til "attopprett" som eg tykkjer er godt nok (inntil vidare i alle tilfelle, litt mange doble konsonantar). Eg har ikkje funne ut kva Skolelinux brukar, noko som ville vore veldig interessant. --Dittaeva 21:45, 15 Sep 2004 (UTC)

Eg tykkjer Atteropprett kling betre enn Attopprett, men det er inga stor sak. Jarle 11:59, 14 Oct 2004 (UTC)

Eg synest både "attopprett" og "atteropprett" høyrest tungvint ut. Kan me finna på noko som inneheld "skape" eller "lage"? Gjenskape, lage på nytt, oppheve sletting, ... --Eddi 00:09, 15 Oct 2004 (UTC)

Eg er heller ikkje så veldig nøgd med "attopprett", alt for mange doble konsonantar, men er eigentleg "gjenskape" noko betre enn "gjenopprett"? "Gjenopprett" er iallfall i bruk andre stader. "Gjenskape" er ellers med i bokmålsordboka, ikkje nynorskordboka, problemet er vel "igjen" som ikkje er nynorsk nok.--Dittaeva 21:21, 15 Oct 2004 (UTC)

forkorting av ord[edit]

På den engelske wikipediaen har dei forkorta ord som difference->diff, history->hist, current->cur, dette trur eg ikkje me har gjort til no i den omsetjinga, men det er kanskje verdt å gjera nokre slike forkortingar fordi det kan ha mykje å seie for bruk på veldig små skjermar slik som lommedatamaskiner og mobiltelefonar. Kva med forskjell->forskj, historikk->hist, skildring->skildr, attopprett->atopr, tilbakerull->tilbakerl?

Forskjell er kanskje ikkje det beste ordet å bruke. Med skilnad kan vi ha kortforma skil eller skiln; rull tilbake kan vera rulltb. Kanskje er rull attende betre — da kan vi i så fall ha rullatn. -- Olve 16:37, 21 Sep 2004 (UTC)
Eg prøvde med rull attende, men eg tykkjer attenderull fungerar alt for dårleg og gjekk tilbake. Har no endra til skilnad og skil, og forkortingane hist, rulltb, og skildr. Her er det potensial for forvirring mellom skil og skildr.--Dittaeva 10:33, 13 Oct 2004 (UTC)
Eg er einig med Olve at forskjell ikkje er det beste ordet, og at skilnad er betre. Kanskje skilnad kan forkortast til skln ? Maa gaa naa, men skal sjaa meir paa dokumentet over helga dersom de ikkje lastar det opp i dag (har nett hatt eksamen i dag :) BjarteSorensen 01:12, 15 Oct 2004 (UTC)
Det vart ikkje noko opplasting i dag, og det tek nok minst 3 dgr. meir. Eg er ikkje heilt framand for skln, men eg trur skil er betre fordi det er klart at det er snakk om noko som "skil" seg frå kvarandre:-)

Rollback[edit]

Olve har omsett dette til fjern redigeringar slik som på no.wikipedia, og sv.wikipedia. Dette gjev ikkje rette meininga, eg har omsett det meir direkte til tilbakerull. Er trur kanskje dette eigentleg er akkurat det same som revert, så det burde kanskje vera tilbake, men dette vil sannsynlegvis vera forvirrande...

Eg har standardisert båe til tilbakerull
Det er no retta til rull tilbake.--Dittaeva 10:33, 13 Oct 2004 (UTC)

val_form_note[edit]

Engelsk:
'val_form_note' => 'Hint: Merging your data means that for the article revision you select, all options where you have specified no opinion will be set to the value and comment of the most recent revision for which you have expressed an opinion. For example, if you want to change a single option for a newer revision, but also keep your other settings for this article in this revision, just select which option you intend to change, and merging will fill in the other options with your previous settings.',

Norsk:
'val_form_note' => 'Merk: Å fusjonere dataene dine betyr at for artikkelversjonen du har vald, vil alle val der du har vald Inga meining bli sett til verdien og kommentaren til den siste versjonen der du har gjeve ei meining. Til dømes, når du berre vil endre eitt val i ein nyare versjon av ei innhaldsside som du har vurdert før, og vil behalde resten av vala slik dei var for den eldre versjonen; treng du berre velge kva val du vil endra så vil fusjonen fylle inn resten av vala slik du har vald dei for den tidlegare versjonen.',


Dersom nokon kunne skriva dette kortare og enklare, ville det vore veldig fint.

"Å slå saman val betyr at for alle val du ikkje har spesifisert i den artikkelversjonen du held på med, så blir val og kommentarar henta inn frå den siste versjonen der du har gjort noko val. Om du til dømes berre vil endre eitt val i ein nyare versjon men behalde resten slik det var tidlegare, så endrer du berre dette valet og samanslåinga vil fylle inn resten slik det var."
Eller vart meininga borte no? --Eddi 00:09, 15 Oct 2004 (UTC)
Eg tykkjer det ser bra ut, skal sove litt på det, takk skal du ha!--Dittaeva 21:21, 15 Oct 2004 (UTC)
Takk eg har endra til din versjon med små endringar. --Dittaeva 21:37, 18 Oct 2004 (UTC)
Og no fann eg ut at heile meldinga er heilt unødvendig (sjå [1]), og kommenterte den difor bort. --Dittaeva 10:42, 19 Oct 2004 (UTC)

Feed[edit]

'feedlinks' => 'Feed:',

Dette trur eg er eit nytt ord som neppe er omsett noko særleg. Det er snakk om ein "rss / atom feed" som kan brukast for å leggje t.d. "recent changes" til ei webside som er uavgengig av Wikipedia. Forslag er straum eller fôring. --Dittaeva 21:45, 15 Sep 2004 (UTC)

Eg har gjort dette til Fôring:, fant ei lenkje med diskusjon. --Dittaeva 18:17, 13 Oct 2004 (UTC)
Ja, det er jo det "feed" betyr. Til samanlikning kan me sjaa paa oversetjinga av ordet 'newsfeed' paa spraakraadet sine sider [2], som vert "nyheitsmating". For aa vera konsistent med dette forslaget boer vel i saa fall RSS-feed vera RSS-mating. Men foring er greitt det og (naar ein ser vekk i fraa at folk faerrast veit koss ein skal skriva o med tak over) (nett no kan eg verken skriva den eller andre norske bokstavar :D) BjarteSorensen 01:01, 15 Oct 2004 (UTC)
Me kan jo endra det til "Mating", men ikkje RSS-mating sidan det også er snakk om Atom-feed. For meg høyrest både mating og foring veldig rart ut, men slik er det jo når ein skal bruka ord i nye samanhengar. Skal tygga litt på det. --Dittaeva 21:21, 15 Oct 2004 (UTC)

Ord, uttrykk[edit]

Samling uttrykk som ein må sjå til at er like gjennom heile omsetjinga, også nyttig for referanse til dagleg bruk i arbeid med Wikipedia (lista er ikkje organisert):

  • logg inn
  • logg ut
  • attopprett (undelete)
  • tilgang (/brukartilgang?) (permissions)
  • samandrag / redigeringssamandrag
  • uviktig endring
  • verna side (protected page)
  • historikk (History)
  • skilnad (difference)
  • mal (template)
  • mellomlager (cache)
  • snøggmeny (Quickbar)
  • omdirigering (redirect)
  • overvakingsliste (watchlist)
  • rull tilbake (rollback, revert) — infinitiv: rulle tilbake, imperativ: rull tilbake; partisipp tilbakerulla.
  • versjon (version, revision)
  • fersking (newbie)
  • byråkrat (bureaucrat)
  • namnerom (namespace)
  • godskriving (credit)
  • patruljert (patrolled)
  • innhaldsside (content page)
  • skrivevern (lock)
  • opphev skrivevern (unlock)
  • systemmelding (system message)
  • godskrive (credit)
  • administrator (sysop)

Etterarbeid[edit]

Lenkjer i innstillingar[edit]

Dei fleste vala under "innstillingar" burde lenkje til hjelpesider som gjer forklaring, eller t.d. "Siste endringar" burde lenkje til den sida. Slik programvaren er no kan ein ikkje bruka wiki formatering i desse.

Konklusjon...? :-)[edit]

Hei Dittaeva, dette ser særs bra ut! Eg vil føreslå at vi set strek no og bed om opplasting. Kva trur du? Det er sjølvsagt alltid mogleg å gjera ting betre, men fila er allereie mykje betre enn dei fleste, og det vil bli mykje lettare å arbeide med nn når språkfila er opplasta og vi kan arbeide med kategori-sidene òg! Beste helsing, Olve 19:13, 19 Oct 2004 (UTC)

Jau då! Heilt einig! Eg hadde noko klart på sundag som virka, men så skulle eg fiksa noko meir, osb. og slik som den er virkar ikkje fila for nye installasjonar. Det er mogleg at ein utviklar kan bruke den på den eksisterande nn.wikipedia, men grunnen til at eg ikkje har bede om opplasting enno er altså at verken den som er her, eller ein 1.3.6/7 tilpassa versjon fungerar ved installering. Eg trudde verkjeleg eg hadde fått det til, og kan verkjeleg ikkje skjønna kva som er problemet, men eg kjem til å fortsettje i morgon, og reknar med at det blir i orden då. --Dittaeva 21:47, 19 Oct 2004 (UTC)
Eg lyt seie meg einig i at det er fint om fila verkar først... :] Olve 01:50, 20 Oct 2004 (UTC)

Translation resources[edit]

When translation for Mediawiki 1.3.7 finished the version here was based on Language.php v. 1.370 (latest in MAIN in CVS), while the one posted to the bugtracking system for inclusion in the main software package was based on Language.php v. 1.221.2.25 (1.3.7 version). Most changes from here to the posted can be found in the page history of LanguageNn.php. The original posted here by User:Olve was probably based on the LanguageNo.php v. 1.10.2.4 (MediaWiki 1.3.x). Code has been drawn and adapted from the custom changes that the english wikipedia has done to their MediaWiki messages. Inspiration (and perhaps some code) has also been drawn from no:Spesiel:Allmessages, LanguageIs.php, sv:Special:Allmessages, LanguageDe.php in CVS and da:Speciel:Allmessages. Norske ordbøker from UiO, Clue Lookup, and hyperdictionary have been very helpful resources. Some help (but a lot more was asked for) has also been received on the #mediawiki IRC channel at irc.freenode.net.