Wikimedia Norge/Newsletter/2017-09

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to navigation Jump to search
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2017-09 and the translation is 100% complete.
Other languages:
English • ‎norsk bokmål • ‎norsk nynorsk • ‎العربية


Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og anddre bidragsytarar, her er nyhendebrevet vårt med aktivitetar for dei næraste vekene.

  • Wiki Loves Monuments 2017 er i gang! Verdas største fotokonkurranse varar fra 1. til 30. september, og går ut på å laste opp bilete av kulturminne i Noreg. I år som i fjor vil det òg bli ein parallell skrivekonkurranse over to veker, i veke 37–38.
  • 12. september: Det vert wikitref om referansar, med Ole Bjørn Rekdal som føredragshaldar, på Litteraturhuset i Oslo. Treffet byrjar kl. 17:00.
  • 15. september: Dette er frista for å søke om wikistipend frå Wikimedia Noreg. Alle kan søke (ein må ikkje vere medlem), så om du har eit prosjekt eller ein idé du ynskjer å gjennomføre, men kunne trenge pengar for å gjere det, søk no!
  • 16. september: Wiki-LAN, ein skriveverkstad for å auke dekninga av og deltakinga frå kvinner på Wikipedia, vert arrangert ved Musikkonservatoriet i Tromsø. Sjølv om det er fokus på kvinner er alle velkomne!
  • 21. september: Under Forskningsdagane i Oslo inviterer Wikimedia Noreg til arrangementet Å skrive kvinner inn i historia der direktør for forskning og formidling ved Nasjonalbiblioteket, Hege Høsøien, og kunstnar og kurator Meret Røstad innleiar om emnet, fulgt av ei samtale med Jorid Martinsen frå Wikimedia Noreg.
  • 6. oktober: Under kunngjeringa av kven som mottek årets Nobels fredspris vil ein gjeng wikipedianarar samlast på Nobels Fredssenter for #wikinobel for å dekkje prisen og prisvinnaren/-vinarane på ein god måte. Ta kontakt med Jon Harald om du ynskjer å delta!

Ynskjer du å melda deg inn i Wikimedia Noreg og stø arbeidet vårt så kan du gjera det her, eller du kan stø oss ved å vippsa til 10386 – Wikimedia Norge.

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement