Wikimedia Norge/Newsletter/2020-09/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2020-09 and the translation is 100% complete.


Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar.

Her er eit oversyn over nokon av Wikimedia Noreg sine aktivitetar dei neste vekene:

Wiki Loves Monuments
Wiki Loves Monuments byrjar i dag, og varer som vanleg til slutten av september. Alle bilete av kulturminne i Noreg som blir lasta opp i løpet av konkurransen er med – og det er som vanleg skrivekonkurranse på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk i samband med biletkonkurransen. Lykke til!
Virtuelt wikitreff
Neste virtuelle wikitreff blir torsdag 1. oktober. Denne gongen deltek styreleiar i Wikimedia Noreg, Sigrun Espe, som gjest, og vi tenkte å ha samarbeidsklima på wiki som tema. Møtet vil som vanleg foregå på Google Meet frå kl. 17.00, https://wikitreff.wikimedia.no/. Ein treng ikkje å ha ein Google-innlogging for å delta. Alle er velkomne, og vi minner om Wikimedia Noreg sine retninsliner for inkluderande møte. Vel møtt!
Arctic Knot, Wikimedia-språkkonferanse i Noreg
Sumaren 2021 vil Wikimedia Noreg arrangere Arctic Knot 2021. Konferansen er ei videreføring av Celtic Knot som blir arrangert av Wikimedia UK. I 2021 får vi arrangere han i Noreg. Vi planlegg både for ein fysisk og ein digital konferanse. Temaet er små språk og wiki-prosjekta.
For planlegginga av konferansen gjennomfører vi ei spørjeundersøking. Ho er ikkje lang, og det er kjempefint om de kan fylle ho ut. Takk!
Wikipedia 20 år 15. januar 2021
Wikipedia fyller 20 år! Det må jo feirast! Mon korleis? Vi i Wikimedia Noreg ønsker ei bra markering av dagen, og vil gjerne høyre frå dykk om korleis dagen bør feirast! Skriv gjerne på Mali sin brukardiskusjon viss du har nokre gode idéar eller innspel!

Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2020? Då kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.

Dette nyhendebrevet blir posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement