Wikimedia Norge/Newsletter/2021-05/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2021-05 and the translation is 100% complete.


Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg

Hei, her kjem siste nytt frå Wikimedia Noreg!

Arctic Knot
24.–25. juni skjer det endeleg. Språkkonferansen Arctic Knot er i gang! Konferansen er digital, og vi vonar de synest programmet er interessant! Det blir spanande paneldiskusjonar, og høve til å bli kjend med prosjekt som Abstract Wikipedia og Wikikjelda.
Heile programmet ligg no på Meta-sida̩ og du kan òg lese om konferansen på bloggen vår.
Registreringa er open, og det er sjølvsagt gratis å melde seg på.
Ein kan registrere seg heilt fram til konferansen startar, men viss du ynskjer å vere med på workshoppen som heiter Unlocking the potential of digital language archives er det viktig å registrere seg innan 20. juni for å få høve til å søke i arkivet Endangered Languages Archive (ELAR) undervegs.
Elles er det eit variert og veldig spanande program, og vi trur alle vil finne noko interessant i dette programmet.
Har du lyst til å bidra på Arctic Knot som frivillig? Vi sett stor pris på alt engasjement!
Kanskje du kan tenke deg å vere med på å teste plattformen vi skal nytte i forkant? Eller har du spørsmål du ynskjer skal bli tatt opp i paneldebatten? Kanksje du vil bidra med underholding av noko slag? Ta kontakt på arcticknot@wikimedia.no!
Månadens konkurranse på Wikipedia
Temaet for månadens konkurranse i juni er kunstnarar. Endringar på artiklar om alle kunstnarar vil gje poeng i konkurransen, men vi vonar mange av dykk vil skrive om samiske kunstnarar og andre urfolkskunstnarar på Wikipedia.
Wikimania
I år er Wikimania digitalt, noko som gjer det mogleg for endå fleire å vere med. Temaet er 20 år med Wikipedia, og er difor ei tid for å feire kva Wikimedia-rørsla har oppnådd, og sjå tilbake på reisa hit. Det er no mogleg å sende inn bidrag. Har du ein idé til eit bidrag, men er ikkje sikker på vinkling så ta gjerne kontakt. Vi kan hjelpe med idémyldring og eventuelt andre praktiske saker!
Wikitreff
No er det ikkje lenge til ein kan organisere fysiske wikitreff igjen. Nokon er allereie i gang med planlegginga! Det er veldig fint om fleire får høve til å vere med på wikitreff. Wikimedia Noreg kan hjelpe til økonomisk om du ønsker å organisere eit der du bur!
Vi kjem til å halde fram med å organisere wikitreff, ulike workshoppar og admintreff med (u)jamne mellomrom, både digitalt og fysisk. Viss du har temaforslag så kan du tipse Jon Harald (jhsoby@wikimedia.no)!

Har du allereie betalt medlemsavgifta for 2021? Viss ikkje kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.

Dette nyhendebrevet blir posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement