Wikimedia Foundation elections/Board elections/2005/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
2005 Val til styret i Wikimediastiftinga
Organisasjonsrelaterte sider


Kjære alle saman.

Valet 2005 for styret i Wikimediastiftinga startar snart. Det er de, Wikimedianarane, som skal velja to personar som kan representera Wikimedia-brukarar frå heile verda. Styremedlemmene har ansvaret for avgjersler for Wikimediastiftinga. Styret si rolle er ikkje drift av heimesidene.

Me skal velja to medlemmer til styret. Dei vert valde for to år, og det er ingen skilnad i rollene deira. For å stemma må du ha minst 400 redigeringar før 30. mai 2005 00:00 (UTC) på det Wikimediaprosjektet du stemmer frå, og minst den første av desse må ha vore 90 dagar eller meir før dagen du stemmer. Merk deg òg at medlemmene i valkomitéen kan diskvalifisera stemmer frå brukarar som er permanent blokkerte eller har meir enn ein brukarkonto. Det er heller ikkje lov å stemma frå meir enn eitt wikimediaprosjekt.

Valet nyttar seg av eit valsystem som vert kalla Approval voting på engelsk. Kvar veljar kan stemma på kor mange kandidatar dei ønskjer. Dei to kandidatane med flest stemmer vinn valet. Dersom det skulle vera eit uavgjort resultat, kjem det til å bli organisert eit omval.

Dei som ønskjer å stilla til val kan frå klokka 00:00 den 7. juni 2005 (UTC) fylla ut skjemaet på kandidatpresentasjonssida og undersidene som høyrer til. Denne presentasjonen vil liggja ute i tre veker. Omsetjingskoordinatorane vil i denne tida freista å omsetja innlegga til så mange språk som råd. Valet startar etter denne perioden.

Viktige datoar:

Kandidatinnlegg
frå tysdag 7. juni 2005, 00:00 (UTC)
til   måndag 24:00, 27. juni 2005 (UTC)
Stemmeperiode
frå tysdag 28. juni 2005, 24:00 (UTC)
til   måndag 24:00, 11. juli 2005 (UTC)

Dersom du snakkar eit anna språk og denne notisen ikkje finst på det språket, set me pris på at du omset han. Når du har gjort det, kan du seia i frå på prosjektet på det språket. Sei òg i frå på valnotisomsetjingssida.

Dersom du ønskjer å koordinera omsetjinga av andre notisar òg, skriv deg opp på denne lista.

Til sist vil vi ønskja alle kandidatane lukke til i valet!

Helsing

Valkomitéen