Talk:LanguageNn.php/Archive2

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki

Bolkar blir flytta hit frå talk:LanguageNn.php ettersom diskusjonar konkluderer eller "døyr ut" der. Første del vart flytta frå Talk:LanguageNn.php/Archive1 av Dittaeva 22:08, 2005 Jun 11 (UTC).

Donering[edit]

Denne delen er henta frå Talk:LanguageNn.php/Archive1

'sitesupport'             => 'Donering',
'sitesupport-url'         => '{{ns:4}}:Donering',

Engelsk original er Donations, på no.wikipedia brukar dei Donasjoner. Donering som eg har skrive her, er Wikimedia versjonen, som standard med programvaren har eg valgt Støtt oss. Synspunkt? --Dittaeva 10:42, 19 Oct 2004 (UTC)

Dette har no vorte endra til "Gåver". --Dittaeva 11:36, 4 Apr 2005 (UTC)

MagicWordsNn[edit]

Denne delen er henta frå Talk:LanguageNn.php/Archive1

MAG_IMG_RIGHT            => array( 1,    'right', 'høgre', 'høyre'),

Eg hadde eigentleg tenkt å begrensa med til eit alias når det er mogleg, og i dette tilfellet så er både 'høgre' og 'høyre' kompatibelt med begge målformer, men eg tykkjer ikkje høgre høyrest særleg bokmål ut, eller høyre særleg nynorsk ut. Har difor teke med begge. Synspunkt?

Der det er forskjell mellom bokmål og nynorsk har eg teke med båe former slik at det skal vera kompatibelt med ein framtidig bokmålsomsetjing (eller forbetra no. omsetjing).

Desse har eg ikkje omsett då eg tykkjer det er for vanskeleg eller ikkje nødvendig, forslag er hjarteleg velkomne:

MAG_NOTOC                => array( 0,                  ),
MAG_FORCETOC             => array( 0,               ),
MAG_SITENAME             => array( 1,    'SITENAME'               ),

Kva med: notoc => aldriemneliste, forcetoc => alltidemneliste, sitename => tjenarnamn. Eller kan ikkje dei magiske orda vera så lange? --Eddi 00:09, 15 Oct 2004 (UTC)

TOC tyder som de veit "table of contents" og dette vert vel som oftast oversett til "innhaldsliste" paa norsk. Emneliste er vel ikkje fullt saa bra i denne samanhengen, fordi dei innhaldslistene det er snakk om her er vel dei boksane som kjem oevst paa sida for kvar artikkel, og dei ulike punkta som for overskrift ein artikkel (og derfor ei line paa innhaldslista) er vel ulike aspekt av eitt emne. Eg foereslaar difor 'INGAINNHALDSLISTE' og 'ALLTIDINNHALDSLISTE'. BjarteSorensen 01:09, 15 Oct 2004 (UTC)
Takk for forslaga begge to, eg ville helst ha noko kortare men har lagt inn Bjarte sine forslag. Når det gjeld sitename => tjenarnamn så tykkjer eg ikkje dette er godt nok sidan "site" eigentleg ikkje er det same som "server" som er omsett til "tenar" og som allereie er eit magisk ord. Eg let difor "sitename" framleis utan omsetjing, det beste eg har kome til er "NETTSTADNAMN" som eg har lagt inn no, men eg håpar det kjem betre forslag.--Dittaeva 21:21, 15 Oct 2004 (UTC)

affected[edit]

Denne delen er henta frå Talk:LanguageNn.php/Archive1 Engelsk:

'alllogstext'	=> 'Combined display of upload, deletion, protection, blocking, and sysop logs.
You can narrow down the view by selecting a log type, the user name, or the affected page.',

Norsk:

'alllogstext'	=> 'Kombinert vising av opplastings-, slette-, verne-, blokkerings- og administrator-loggar.
Du kan avgrense visinga ved å velja loggtype, brukarnamn, eller påverka side.',

Alternativ til påverka side?

"sida det gjeld"? --Ranveig
einig BjarteSorensen 05:49, 15 Oct 2004 (UTC)
Takk, eg har endra det no, men eg er ikkje sikker på om det får fram rette meininga, me får testa og sjå.--Dittaeva 21:21, 15 Oct 2004 (UTC)
Eg har no endra det til "Du kan avgrense visinga ved å velja loggtype, brukarnamn, og/eller sidnamn". --Dittaeva 21:48, 2005 Jun 11 (UTC)

Undo[edit]

Flytting kan no angrast ved å trykka på "undo" i siste endringar, mine forslag til omsetjing i prioritert rekkjefylgje er:

  1. attende - dette tykkjer eg er mitt beste forslag sidan, det er det som er konsekvensen, noko blir flytta attende til der det vart flytta frå (har brukt denne omsetjinga no fram til andre tilbakemeldingar)
  2. angra - her er problemet, tykkjer eg, at det blir litt kunstig å angra for andre
  3. gjer om - problemet med dette er at det blir brukt i programvare til å bety at ein skal gjera omatt noko ein før har angra.
--Dittaeva 11:35, 4 Apr 2005 (UTC)

Kva med "omgjer"?

-- Larsivi 12:06, 4 Apr 2005 (UTC)
Veit ikkje kor gode slike samanstillingar er grammatisk, takk for forslaget men eg held meg til attende. --Dittaeva 07:54, 5 Apr 2005 (UTC)