Wikimedia Norge/Newsletter/2017-02/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to: navigation, search
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2017-02 and the translation is 100% complete.

Other languages:
English • ‎norsk bokmål • ‎norsk nynorsk


Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet vårt for februar 2017.

Wikidagar i Trondheim 24.–25. mars

24.–25. mars flyttar Wikimedia Noreg kontoret sitt (mellombels) til Trondheim!

  • Fredag 24. mars blir det omvisning for wikipedianarar på Justismuseet og wikitreff med mat og kåring av Årets wikipedianar på Work-Work etterpå. Alle wikipedianarar og andre interesserte er hjarteleg velkomne!
  • Laurdag 25. mars har Wikimedia Noreg årsmøte, òg på Work-Work. Forslag til styret kan sendast til styre@wikimedia.no fram til onsdag 23. februar 2017. Hugs at du må vera medlem for å kunna stemma ved årsmøtet eller for å få reiseutgifter dekka av Wikimedia Noreg.
  • Les gjerne innkallinga til årsmøtet.

Informasjon om program og påmelding finn du her. Me håper å møte mange av dykk i Trondheim!

Wikistipend og reisestipend
Brukarundersøking
  • Før jul hadde Wikimedia Noreg ei brukarundersøking, takk til alle som svarte! Resultata har me publisert på Meta.
Nettsida omsett

Ynskjer du å melda deg inn i Wikimedia Noreg og stø arbeidet vårt så kan du gjera det her, eller du kan stø oss ved å vippsa til 10386 – Wikimedia Norge.

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement