Wikimedia Norge/Newsletter/2017-05/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to: navigation, search
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2017-05 and the translation is 100% complete.

Other languages:
English • ‎norsk bokmål • ‎norsk nynorsk


Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet til Wikimedia Noreg med aktivitetar for våren 2017.

  • 8. mai vert det ny fordeling av seks Retriever-løyve. Er du interessert? Fyrstemann til mølla, skriv deg opp på denne sida.
  • 9. mai vert det wikitreff i Litteraturhuset i Oslo. Tema for samlinga er Wikipedia på sitt beste, samarbeid om gode artiklar. Innleiinga vert halde av Morten Olsen Haugen|Morten Olsen Haugen (kjend som Orland på Wikipedia). Meld deg på her, eller berre møt opp! Wikimedia Noreg kan dekkja reiseutgifter. Ta kontakt med astrid@wikimedia.no for refusjon.
  • 15. mai går startskotet for Wiki Loves Earth. Konkurransen handlar om å ta det beste biletet av verna natur i Noreg. Konkurransesida finn du her.
  • Wikimedia Noreg er med på ein temakonkurranse organisert av Europeana om tidsperioden 1914–1918. Fylg med på denne sida!
  • 9.–13. august vert Wikimania arrangert i Montréal. All informasjon om Wikimania finn du her.
  • Er du interessert i å ta bilete med drone? Sjekk denne posten på Torget.
  • Wikimedia Noreg har bytt logo til ein ny, heilsvart variant (sjå logoen til høgre). Wikimedia Foundation er òg i ferd med å byte, medan Wikimedia Deutschland allereie har bytt til same variant.
  • 29. april vart Wikipedia blokkert i Tyrkia. Wikimedia Foundation har kome med ei fråsegn om blokkeringa på bloggen deira.

Ynskjer du å melda deg inn i Wikimedia Noreg og stø arbeidet vårt så kan du gjera det her, eller du kan stø oss ved å vippsa til 10386 – Wikimedia Norge.

Fylg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement