Wikimedia Norge/Newsletter/2019-08/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2019-08 and the translation is 100% complete.


Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet vårt for august 2019.

Wikimania 2019 i Stockholm
Denne veka deltek friviljuge, tilsette og styremedlemar frå Wikimedia Noreg på den internasjonale konferansen Wikimania, som i år vert halde i Stockholm. Vi skal delta med ei rekke presentasjonar, og ein av hovudinnleiarane er invitert av Wikimedia Noreg, Liv Inger Somby. Meir om ho kan du lesa i denne bloggposten (finst òg på nordsamisk).
Wiki Loves Monuments
I år vert den internasjonale fotokonkurransen Wiki Loves Monuments arrangert i Noreg for niande gong. Nytt i år er at det er ein eigen kategori for bilete av samiske kulturminne. Kriteria for konkurransen er enkle – bileta må vera av registrerte kulturminne i Noreg, og må verte lasta opp i løpet av september 2019, men kan vere tekne når som helst. I september vil òg månadens konkurranse handla om kulturminne i Noreg.
Hålogalandsvegen
Under festivalen Márkomeannu i juli starta Wikimedia Noreg underprosjektet Hålogalandsvegen saman med Várdobáiki samisk senter. Prosjektet går ut på å betra artiklar knytt til den nye Hålogalandsvegen og stader som ligg i tilknytting til han på nynorsk, bokmål og nordsamisk. Prosjektsida og lister over tilknytta artiklar vert oppdaterte i løpet av hausten. Skriv deg gjerne på om du er interessert i å bidra (eller berre følgja med).
Forskninsdagane 2019
Wikimedia Noreg deltek på Forskningsdagane som skjer i regi av Forskningsrådet i år òg. 24. september kl. 17.30 på Kulturhuset i Oslo skal vi ha eit arrangement om Avkolonialisering av kunnskap på nett. Vel møtt!

Hold òg av datoane 11. oktober for #wikinobel og 27. november for wikitreff på Litteraturhuset. Meir info om disse arrangementa kjem seinare.

Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2019? Då kan du registrera deg som framleis medlem på denne sida.

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement