Wikimedia Norge/Newsletter/2019-11/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2019-11 and the translation is 100% complete.


Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her kjem nyhendebrevet frå Wikimedia Noreg for november.

I ei uke i oktober, Giellavahkku, vart SN sitt internasjonale år for urfolksspråk markert over heile landet. Wikimedia Noreg fekk nyleg tildelt midlar frå Sametinget sine språkmidlar til å laga eit undervisingsopplegg for bidrag frå studentar på Wikipedia på nordsamisk eller bidrag med samisk innhald på Wikimedia-prosjekta generelt, saman med Samisk høgskule og Universitetet i Tromsø. Vi har òg fått pengar frå Fritt Ord til å dela samiske stadnamn på Wikidata saman med Kartverket. Du kan lesa meir om dette arbeidet på bloggen vår.

Juryarbeidet etter Wiki Loves Monuments 2019 er over, og dei ti vinnerbileta som går vidare til den internasjonale delen av konkurransen har vorte lagt opp på vinnarsida på Commons. Gratulerer til alle vinnarane, og tusen takk til alle deltakarane og ikkje minst jurymedlemmane!

Her kjem eit oversyn over arrangement i regi av Wikimedia Noreg dei neste månadane:

Bodil Biørn og kvinner si usynlegheit i historia
11. november inviterer Wikimedia Noreg og Riksarkivet til eit arrangement hjå Riksarkivet frå kl. 17–19. Historia har ofte vorte skriven av og for menn. Det vert avspegla i arkiv, historiebøker, og på Wikipedia. Kvifor er det viktig å gjere kjeldematerialet med perspektiv frå kvinner på historia tilgjengeleg? Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen!
Wikitreff på Litteraturhuset
28. november inviterer Wikimedia Noreg til wikitreff på Litteraturhuset i Oslo frå kl. 18–19 med Ruth Vatvedt Fjell som innleiar.
Fjeld, som i tillegg til å vere over middels interessert i banning, er professor i leksikografi og opptatt av korleis språket kan medverka til å ta vare på eit skeivt kjønnsrollemønster. Wikipedia er ein enorm kunnskapsbase der kven som helst kan bidra. Difor kan det vera på sin plass å spørja seg kva språket vi nyttar har å seie for korleis kunnskapen vert formidla?
Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen! Bord er reservert i baren frå kl. 19 for dei som ønskjer å halde diskusjonen fram der.
Søknadsfrist for wikistipend
20. november er søknadsfrist for wikistipend. Du kan søkja om stønad til å få dekka ulike utgifter knytta til gjennomføring av bidrag til Wikimedia-prosjekta.
Fordeling av Retriever-tilgang
20. november fordelar vi 6 tilgangar til Retriever blant aktive bidragsytarar på Wikipedia som har bruk for dette verktøyet til å skriva artiklar.

Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2019? Då kan du registrera deg som framleis medlem på denne sida.

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement