Wikimedia Norge/Newsletter/2021-01/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2021-01 and the translation is 100% complete.


Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg

Godt nytt jubileumsår og gratulerer med 20 år med kunnskapsdugnad!

15. januar 2001 blei Wikipedia på engelsk lansert. Temaet for 20-årsmarkeringa er å feire menneska bakom Wikipedia. Alle de som på ein eller annan måte har bidrege til at vi no kan feire 20 år med fri kunnskap. På grunn av koronasituasjonen kan vi dessverre ikkje invitere til nokon fysisk feiring no, men vi vonar at vi kan invitere til eit jubileumsarrangement i løpet av året.

Send ein gratulasjon
Vi har laga ei gratulasjonsside der alle kan sende ein gratulasjon til Wikipedia. Vi vonar det kan bli ei fin side som synar kvifor Wikipedia framleis er like viktig, eller kanskje enda viktigare, enn for 20 år sida. Send inn ditt grutaljonskort!
Wikitreff
Neste wikitreff er 27. januar. Da deltek Karl Wettin frå Wikimedia Sverige, og skal snakke om prosjektet Wikispeech. Dette er eit spennande åpen kjeldekode-prosjekt som handlar om brukargenerert stemmesyntetisering. Det har òg bruksområde langt utanfor Wikimedia-prosjekta. Forslag til tema for seinare wikitreff er hjarteleg velkomne nederst på wikitreffsida!
Arrangement å sjå fram til i 2021
  • Årsmøtet for Wikimedia Noreg blir 6. mars. Møtet blir digitalt i år òg. Meir informasjon kjem.
  • Vi planlegg eit virtuelt administratortreff for administratorane på Wikipedia-utgåvene på bokmål og nynorsk, truleg i mars. Viss du er interessert i bidra til organiseringa av det kan du ta kontakt med Jon Harald.
  • Arctic Art+Feminism: Vi vil organisere fire skriveverkstadar i løpet av 2021, med kvinnelege kunstnarar og urfolkskunst som tema. Meir informasjon kjem.
  • WikiGap: Viss smittesituasjonen tillèt det blir det WikiGap-arrangement på Den svenske ambassaden i Oslo. Vi vonar å sjå dykk der. Årets tema er kvinnelege aktivistar frå Sør-Amerika.
  • Arctic Knot: I juni arrangerer vi for fyrste gong språkkonferansen Arctic Knot. Det er ei vidareføring av konferanseserien Celtic Knot. Meir informasjon kjem snart!
Nytt medlemssystem
Vi tek i bruk eit nytt medlemssystem. Kva tydar det for deg? Minst mogleg, vonar vi. Men for oss vil det føre til betre oppfylging av medlemmane. I neste uke sender vi eit nyhendebrev med m.a. informasjon om medlemskontingent for 2021. Den kan ein betale via AvtaleGiro eller Vipps. Viss du allereie har betalt medlemsavgifta for 2021 kan du sjå bort frå denne informasjonen.
Spørjeundersøking frå Wikimedia Foundation
Wikimedia Foundation ønskjer svar på denne undersøkinga frå Wikimedia-medlemmar frå heile verda. Wikimedia Foundation har laga ei norsk omsetjing av undersøkinga. Ein kan ta undersøkinga anonymt utan å dele epostadresse, men merk at ein da ikkje bør lukke nettlesaren før ein er ferdig med undersøkinga.

Har du allereie betalt medlemsavgifta for 2021? Viss ikkje kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.

Dette nyhetsbrevet blir posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement