Translation requests/WMF/Fundraising pages/Wikimedia treng di hjelp

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to navigation Jump to search
Kunnskap er makt. Difor må kunnskap vera fri.

Du har kanskje lagt merke til at Wikipedia og søsterprosjekta har vore til tider treig og hatt ein del nedetid i det siste. Me arbeidar for å gjera systema våre meir effektive, men besøket på Wikimedia sine tenarar doblar kvar fjerde månad. Wikipedia.org er allereie ei av verdas 200 mest populære nettstader og kjem truleg til å vera av dei 100 mest populære innan utgangen av året.

Veksten har vore veldig gledeleg, men vanskeleg å ta hand om. Berre for å halda tritt med besøksveksten kjem me til å få bruk for maskinvare for 55 000 USD dette kvartalet (samalikna med 33 000 USD sist kvartal). Men me vil også gjerne byggja ut reservekapasitet og eit geografisk spreidd tenarnettverk. Sympatiserande internettorganisasjonar kan då vera med på å dela byrden med dei stadig høgare besøkstala.

Takka vera ei storsinna gåve frå Lounsbery Foundation kan me dekkja budsjettet utan å få særs mykje meir gåver enn i sist kvartal. Tilsaman har me bruk for 75 000 USD for å nå målet dette kvartalet. Sist kvartal fekk me inn over 50 000 USD. Kvart einaste bidrag hjelp, dei fleste gåvene er 20 USD eller mindre.¹

Du kan vera med på å halda desse frie ressursane i gang og stor vekst. Takk for din tillit og sjenerøsitet.

-- Wikimedia-teamet

  $00.000,00 til no

sist oppdatert 19:00 UTC 2005-08-22

Gje ei gåve

Merk: Denne innsamlingsaksjonen vert halden frå fredag 18. februar til og med fredag 11. mars 2005. Dersom me når målet før sluttdatoen, men etter ei veke så vil This fund drive will be held from Friday 18 February to Friday 11 March 2005.