Wikimedia Norge/Newsletter/2018-12/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to navigation Jump to search
This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2018-12 and the translation is 100% complete.
Other languages:
English • ‎norsk bokmål • ‎norsk nynorsk


Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her kjem det siste nyhehendebrevet frå oss for i år. Vi ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt år! 🎄❄☃🎅

SN sitt år for urfolksspråk
2019 er SN sitt år for urfolksspråk, og Wikimedia Noreg har vorte anerkjend av UNESCO som Civil Society Partner. Gjennom 2019 vil vi ha ei rekkje aktivitetar knytta til SN sitt år for urfolksspråk og samisk innhald på nett. Den første aktiviteten er ein internasjonal skrivekonkurranse i februar 2019. Meir info på denne sida
Årsmøte 9. mars 2019 i Tromsø
Årsmøtet til Wikimedia Noreg i 2019 vert halde i Tromsø.
Som vanleg inviterar vi til eit wikitreff dagen før årsmøtet. Wikitreffet 8. mars startar med ei omvising på Perspektivet Museum fra kl. 17–18, og etterpå møtast vi på Casa Inferno.
Årsmøtet vert halde 9. mars kl. 12–14 på Skansen.

Vi har fått innvilga ny stønad frå Kulturrådet til vidareføring av Bodil Biørn-prosjektet. Prosjektet er eit samarbeid med Wikimedia Armenia og Riksarkivet og handlar om transkribering og digitalisering av Biørn sine brev frå Armenia. Ein artikkel om prosjektet skrive i samarbeid mellom Wikimedia Noreg og Riksarkivet kan du lesa her.

Wikimedia Noreg flytta 12.12.2018 til Schweigaards gate 34C (greenhouse.no). Vi håpar å invitera til eit wikitreff her til våren.

Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2018? Då kan du registrera deg som framleis medlem på denne sida.

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement