Wikimedia Foundation elections/Board elections/2005/Candidates/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki
Jump to navigation Jump to search
Språk: English · català · Deutsch · English · Esperanto · español · français · italiano · 日本語 · norsk bokmål · Nederlands · norsk nynorsk · polski · português · русский · српски / srpski · svenska · українська · Tiếng Việt · 中文(简体)‎ · 中文(繁體)‎
2005 Val til styret i Wikimediastiftinga
Organisasjonsrelaterte sider


Her kan kandidatane for valet til styret i Wikimediastiftinga presentera seg sjølve. To styremedlemmer skal veljast for ein toårsperiode.

Dersom du ønskjer å stilla til val må du ha meir enn 400 redigeringar på eitt av Wikimediaprosjekta, og den første må ha vore meir enn 90 dagar før 30. mai 2005 klokka 00:00 (UTC).

Ein kan ikkje stilla til val anonymt, så du kan berre stilla til val dersom du er viljug å offentleggjera identiteten din. Kandidatane er nøydde å identifisera seg sjølve til anten User:Danny, User:Aphaia, User:BjarteSorensen eller User:Datrio dersom dei ikkje allereie har gjort dette i førre styrevalet. Me tek kontakt med dykk med meir informasjon om dette. Dei kandidatane som har fått identiteten sin stadfesta kjem til å ha ordet stadfesta ved namnet sitt.

Kopier malen under og fyll inn med rett informasjon. For å unngå at nokre kandidatar vert favoriserte bed me dykk om å lista namnet ditt alfabetisk (i følgje Unicode Collation Algorithm) etter brukarnamn.

Du kan leggja inn innlegget ditt på kva språk du vil, men me rår dykk til å leggja det ut på engelsk i tillegg til andre språk. Innlegget må ikkje vera på meir enn 1 000 bokstavar på noko språk. Friviljuge Wikimediaomsetjarar kjem til å omsetja innlegget til andre språk, og me vil gjera vårt beste for å sikra at alle innlegga er tilgjengelege på så mange språk som mogleg.

Eksempel[edit]

Legg informasjonen din under kandidatbolken under basert på det følgjande eksempelet:

=== [[User:Brukarnamn]] ===

'''Brukarnamn:''' ~~~
'''Namn i røynda:''' xxxxx xxxxx
'''Opphaldsstad:''' City, Country
'''Brukarside(r):''' xxxxx
'''Wikimediabrukar sidan:''' xxxx
'''Prosjekt eg deltek i:''' xxxxx, xxxxx, xxxxx
'''Språk eg deltek med:''' xxxxx, xxxxx, xxxxx
'''Lenkje(r) til brukarbidragsside(r):''' xxxxx, xxxxx, xxxxx
'''Kandidatinnlegg:''' (ikkje meir enn 1.000 bokstavar)
'''Spørsmål kan stillast her:''' xxxxxx

Quick view[edit]

Candidates' presentations[edit]