Fundraising 2010/Appeal/nn

From Meta, a Wikimedia project coordination wiki

Eg fekk mange rare blikk då eg for ti år sidan snakka frampå om Wikipedia. Vi må nok innrømme at somme forretningsfolk var skeptiske til tanken om at frivillige frå heile verda skulle samarbeide om å lage ein kunnskapsdatabase – for berre å dele han vidare.

Ingen reklame. Ingen profitt. Ingen agenda.

Eit tiår etter grunnlegginga bruker nær 400 millionar menneske Wikipedia eller søstersidene hennar, kvar månad. Dette er nær tredjeparen av dei som har tilgang til internett.

Dette er den femte mest populære nettsida i verda. Dei fire som er framom, er utvikla og vert haldne vedlike med milliardarinvesteringar i ryggen, store stabar og solide marknadsføringbudsjett.

Men Wikipedia er ikkje på noko vis som ein kommersiell nettstad. Wikipedia vert skrive på dugnad. Som brukar er du ein del av denne fellesskapen. Og eg skriv til deg i dag og spør om du vil vere med å verne om og støtte Wikipedia.

Saman kan vi halde nettstaden fri for avgifter og utan reklame. Vi kan halde han open – og du kan bruke informasjonen på Wikipedia når du måtte ønskje. Vi kan sørgje for at Wikipedia veks vidare, spre kunnskapen overalt og invitere alle til å bidra.

Kvart år på denne tida ber vi deg og andre på tvers av Wikimedia-fellesskapen om å bidra med støtte til dette fellestiltaket ved å gje ein hundrelapp eller meir.

Om du set pris på Wikipedia som kjelde til kunnskap – og som kjelde til inspirasjon – håper eg du viser det akkurat no.

Vennleg helsing,

Jimmy Wales